Fastlegeportalen
Avdeling for DPS Sunnmøre samler sine ambulante ressursar i FACT-team
Frå 1. januar 2026 blir ACT- og allmennteama ved avdeling for DPS Sunnmøre slått saman, både i Volda og i Ålesund.
Kvifor samanslåing?
Bakgrunnen for samanslåïnga er at vi ønsker å utnytte ressursane betre, og tydeleggjere ansvaret for pasientforløpa til pasientar med psykoselidingar.
Arbeidet med denne interne omstillinga har pågått sidan slutten av august, og avgjerda vart tatt i starten av november. Det er vedteke at teama framover skal arbeide etter FACT-modellen.
Kva er forskjell på FACT- og ACT-team?
FACT-team
FACT-team (Flexible Assertive Community Treatment) - fleksibel aktiv oppsøkande behandling.
ACT-team
ACT-team: Assertive Community Treatment - aktivt oppsøkande behandling.
Gradvis overgang til den nye modellen
På Sunnmøre har ikkje alle kommunar vore med i den kommunale medfinansieringa av ACT-teama, og det har ført til ulik behandling av pasientar kommunar imellom. Eit førande prinsipp for klinikken sin utviklingsplan har vore å arbeide for å styrke pasientforløpa til dei sjukaste, og sikre likeverdig pasientbehandling.
Det er viktig å understreke at ingen pasientar mistar tilbodet sitt frå 1. januar. Dei nye teama skal ha ein gradvis overgang til den nye modellen, og det kan på sikt medføre nokre endringar i omfanget enkelte pasientar får tilbodet sitt, eller på kva nivå tilbodet blir gitt.
Endring i avtale om medbetalingsplikt
Denne endringa medfører at Klinikk for psykisk helsevern og rus vil seie opp samarbeidsavtalane om medbetalingsplikt til kommunar på Sunnmøre med avtale frå 1. januar 2026.
Inviterer til dialog om vegen vidare
Avdeling for DPS Sunnmøre ønskjer å byggje vidare på det gode samarbeidet vi har med kommunane. Vi kjem derfor til å ta initiativ til møte med alle involverte kommunar på nyåret for dialog om vegen vidare etter omorganiseringa vår.