Bygger om for å auke kapasiteten ved sjukehuspsykiatrien i Ålesund
I byrjinga av november blir det oppstart på eit omfattande ombyggingsprosjekt ved avdeling for sjukehuspsykiatri i Ålesund. Når arbeida er ferdig vil avdelinga få auka døgnkapasitet på fire døgnplassar og tre intensivsenger/skjermingseiningar. Fram til då er det nødvendig med ei mellombels organisering av sengepostane i avdelinga.
- Dette er eit heilt nødvendig tiltak for at Klinikk for psykisk helse og rus skal lykkast med det faglege arbeidet sitt og satsing innan dei tildelte økonomiske rammene. Det er derfor veldig kjekt at vi no endeleg er i gang med dette prosjektet som vi har venta på i fleire år, seier avdelingssjef Perny Kristin Oksnes.
Dei tilsette ved avdeling for sjukehuspsykiatrien er svært glad for endeleg å komme i gang med ombygginga i Ålesund.
Mellombels organisering av tilbodet
I samband med prosjektet, der måla er å samlokalisere akutt team til ein akuttseksjon, etablering av psykoseseksjon og flytting av alders psykiatrisk sengepost, er det behov for ei mellombels organisering av sengetilbodet:
- Alderspsykiatrisk sengepost blir flytta til andre lokale mellombels i byggeperioden, frå 28.oktober. Fagmiljøet og sengeplassar blir flytta til Utgreiing og behandlings lokalitetar.
- Akutt heimebehandlings team (AHT) sine to beredskapssenger ved Utgreiing og behandling blir tekne ned i same periode.
- Alderspsykiatrisk sengepost vil i ombyggingsperioden disponere inntil fire senger ved Utgreiing og behandling. Utgreiing og behandling vil disponere minst 10 senger.
I flytteperioden vil det vere behov for tilpassingar og det totale sengetalet vil vere mellombels redusert under byggjeperioden.
Ei viktig utvikling for sjukehuspsykiatrien
Oksnes fortel at den samla ramma for prosjektet er på 30,6 millionar kroner, og at gjennom tilskot frå Helse Midt-Noreg og eigenfinansiering (investeringsmidlar HMR) har vi sikra finansiering opp til P85-en for prosjektet (P85 svarer til det beløpet som gir 85 prosents sjanse for å unngå overskriding) som er kalkulert til 35 millionar kroner inkl. reservar og mva. Oppstart av arbeida vil skje i den eksisterande alderspsykiatriske sengeposten.
UNU Ålesund AS vann konkurransen og er klare til å sette i gang med ombyggingsprosjektet. UNU AS er eit Måløy-firma som vart etablert i 1987, og etablerte seg i Ålesund i 2023.
- Vi ser fram til å samarbeide med UNU i dette viktige prosjektet, seier Oksnes.