Utvidar stenging av døgntilbodet til barn fram til over sommaren

Grunna akutt mangel på spesialistar og sjukepleiarar, blir døgntilbodet til barn og unge i Kristiansund holdt stengt fram til 5. august. Dette inkluderer ordinær stenging i sommarferien.

Publisert 10.05.2024
Sist oppdatert 23.05.2024

Avdelinga har sidan 8. mai vore stengt grunna mangel på legespesialistar. 

– Situasjonen har ikkje betra seg sidan då, og vi slit også på pleiesida. Derfor vel vi no å halde stengt fram til vi har kontroll på at vi har på plass forsvarleg bemanning. Om alt går som det skal, kan vi gjenopne 5. august, seier klinikksjef Elisabeth Siebke i Klinikk Ålesund.  

Klinikk Ålesund har det faglege ansvaret for det somatiske tilbodet til barn og unge.  

Barneavdelinga i Kristiansund vil ha eit dagtilbod frå 08 til 15 på kvardager der dei  kan ta imot akutt hjelp og gjere vurderingar, samt drive poliklinikk og dagbehandling.  

Barn som har behov for innlegging vil i mellomtida bli sendt til Ålesund sjukehus.  

Planlagt sommerstenging går som normalt frå 5. juli til 5. august (veke til og med veke 31). 

 

Kontakt ved behov for innlegging

Fastlege/legevaktslege som vil legge inn ein pasient på barnemedisinsk avdeling skal som vanleg ta kontakt med AMK, som vidare kontaktar vakthavande lege ved aktuell avdeling. Kva sjukehus barnet/ungdommen leggast inn ved, vil avhenge både av kapasitet og behov for behandling. HMR har gode rutinar i alle sjukehusa våre for å handtere akutt sjuke barn. Vi har trygge rutinar ved stengt barneavdeling i Kristiansund da avdelinga årleg har stengingsperiodar ferie- og høgtider.