Endring i deling av prøvesvar i HelsaMi frå onsdag 21. januar 2026
Frå 21. januar 2026 får pasientar automatisk og umiddelbar tilgang til dei fleste av dei polikliniske prøvesvara sine i HelsaMi, når prøvesvaret er klart.
Publisert 20.01.2026
Dette inneber at pasienten i mange tilfelle har tilgang til prøvesvaret samtidig som deg som behandlar.
I koplinga nedanfor finnar du ei samla oversikt over:
- Korleis ulike typar polikliniske prøvesvar blir delte
- Når prøvesvar blir delt manuelt eller ikkje blir delt
- Korleis du kan reservere mot automatisk deling ved forordning/rekvirering
Informasjon om automatisk deling av polikliniske prøvesvar i HelsaMi
Presisering
- Deling av prøvesvar skjer berre dersom pasienten har teke i bruk HelsaMi
- Manuell deling kan ikkje utførast i HP Link, dette gjeld berre dei som bruker Helseplattformen
- Prøver bestilt med papirrekvisisjon vil framleis ikkje delast med pasienten i HelsaMi
- Med polikliniske prøvesvar siktar ein til prøvesvar som er rekvirert av alle som ikkje har inneliggjande pasientar på sjukehus
Kontaktinformasjon
For bruk av HelsaMi
For spørsmål om bruk av HelsaMi, sjå Kontakt og brukarstøtte - HelsaMi
Tlf: 72 88 37 97 kvardagar mellom 09.00 og 15.00.
For spørsmål om prøvesvar
Om de har spørsmål eller tilbakemelding relatert til prøvesvara som blir delte frå sjukehuslaboratoria, ta kontakt med kunderådgivar ved laboratoria i Helse Møre og Romsdal, Laila Marie Haram:
Tlf: 904 73 022
E-post: laila.marie.haram@helse-mr.no