Endringar i tilvisingsadresser i samband med innflytting i SNR Hjelset
I samband med innflytting i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset (SNR Hjelset) blir det oppretta nye elektroniske adresser i adresseregisteret til Norsk helsenett.
- Nye adresser: Dei nye adressene er merka med SNR og blir aktive frå 17. mars.
- Gamle adresser: Dei gamle adressene blir merka med "IKKJE BRUK DENNE" i stad/funksjon i løpet av 17. mars. Dei blir ikkje deaktivert i adresseregisteret før rundt 21. mai.
- Felles tilvisingsmottak onkologi HMR: Eit felles tilvisingsmottak for onkologi, merka med HMR i stad/funksjon, blir aktivert samtidig, Denne skal erstatte adressene til Molde, Kristiansund og Ålesund. Dei gamle adressene der blir også merka med "IKKJE BRUK DENNE" i løpet av 17. mars.
- Ny adresse: Sosionomtenesten (SNR), denne har vi ikkje hatt før.
Dette må du gjere som tilvisar
Dersom journalsystemet ditt blir synkronisert mot Adresseregisteret NHN, vil du sjå endringane med det same oppdateringa skjer.
Dersom journalsystemet ditt ikkje gjer dette automatisk, må du sørge for at det blir gjort manuelt slik at du får med deg endringane. Enkelte kan ha lagra snarvegar eller ha ei preferanseliste, og då er det også viktig å oppdatere desse. Denne oppdateringa må gjerast så snart som mogleg etter 17. mars.
Tilvising til gamle adresser blir avvist
Tilvisingar som blir sendt til til dei gamle adressene, som er merka med "IKKJE BRUK DENNE", blir avvist frå 18. mars. Tilvisingane MÅ altså sendast til dei nye elektroniske adressene.
Ver merksam
Epikriser og andre meldingar som blir sendt frå Molde og Kristiansund (og onkologi Ålesund) kan kome frå "IKKJE BRUK DENNE"-adressa, mens fastlegar og andre likevel må bruke dei nye adressene for tilvising. Dette skjer fordi poliklinikkane flyttar først, mens for eksempel epikriser for innlagt pasient kan kome frå gamal elektronisk adresse. Dette kan skje heilt fram til sengepostane flyttar inn i SNR Hjelset.
Her kan du sjå dei nye adressene som kjem (pdf)