Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

HMR opprettar felles tilvisningsmottak for hud frå 1.desember

Tilvisingar og dialogmeldingar til hudpoliklinikkar i Helse Møre og Romsdal skal då sendast til same adresse.

Publisert 10.11.2025

Hudpoliklinikken i Ålesund og hudpoliklinikken i Kristiansund er slått saman, og det vil difor opprettast felles tilvisingsmottak for fagområdet hud frå 1.desember, slik at ein i større grad kan få til ei betre koordinering av tenestene, meir lik vurdering av tilvisingar og meir effektiv ressursutnytting på tvers av sjukehusa våre.  

Kva vil dette bety for deg som fastlege? 

Det vil vere ein veg inn til føretaket, noko som betyr at det vil vere berre ei adresse inn når pasientane blir tilvist til vurdering av hudlidingar eller det er nødvendig å sende dialogmeldingar.  

Ny adresse for tilvising frå 1. desember

Hud- og veneriske sykdommer HMR  

Helse Møre og Romsdal HF 

Åsehaugen 1, 6026 Ålesund 

HER-id: 197369 

 

Endringa gjeld frå 1.desember 2025. 

Oppdater adresser og preferanselister 

Dei adressene som har blitt brukt til no er merka med “IKKJE BRUK DENNE”. HMR vil gå gjennom alle meldingane som er sendt til dei gamle adressene og så deaktivere adressene slik at det ikkje lenger vil vere mogleg å finne dei, når alle meldingane er handtert.  

Dersom journalsystemet ditt er synkronisert mot Adresseregisteret NHN, vil du sjå endringane med det same oppdateringa skjer.   

Dersom journalsystemet ditt ikkje gjer dette automatisk, må du sørge for at det blir gjort manuelt slik at du får med deg endringane. Enkelte kan ha lagra snarvegar eller ha ei preferanseliste, og då er det også viktig å oppdatere desse. Denne oppdateringa må gjerast så snart som mogleg etter 1.desember.  

Elektive tilvisingar  

NB! Husk merking av «Pakkeforløp» i tilvisinga dersom det hastar! Merk «Elektiv» dersom det ikkje hastar.

Tilvisingane vil bli vurdert på same måte som tidlegare, og pasientane vil så langt det er råd settast opp på venteliste/time på sjukehuset som er nærast geografisk. Dersom det grunna kapasitetsutfordringar er fare for fristbrot eller ved særs lang ventetid, vil pasientane kunne få tilbod om utgreiing og behandling på det andre sjukehuset. 

Dersom pasienten takkar nei til tilbodet er det viktig å vere klar over at det ikkje lenger vil bli fristbrot, og ventetida kan potensielt bli endå lenger.  

Vi ber difor om at de som tilvisarar informerer pasienten om at tilbod  kan kome frå andre sjukehus enn lokalsjukehuset, og at de samtidig prøver å motivere pasientane til å ta imot tilbodet dei får, uavhengig av lokasjon.