Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

HMR opprettar felles tilvisningsmottak for nyresjukdommar frå 11.november

Tilvisingar og dialogmeldingar til nyresjukdommar ved Ålesund sjukehus og SNR skal då sendast til same adresse.

Publisert 09.11.2026
Årsaken til endringa er at ein i større grad kan få til ei betre koordinering av tenestene, meir lik vurdering av tilvisingar og meir effektiv ressursutnytting på tvers av sjukehusa våre. 
 

Kva vil dette bety for deg som fastlege? 

Det vil vere ein veg inn til føretaket, noko som betyr at det vil vere berre ei adresse inn når pasientane blir tilvist til vurdering av nyeremedisinske tilstandar eller det er nødvendig å sende dialogmeldingar. 

NB!

Husk merking av «Pakkeforløp» i tilvisinga dersom det hastar! Merk «Elektiv» dersom det ikkje hastar.

 

Ny adresse for tilvising frå 11. november

Nyresykdommer HMR (Adresseregisteret Norsk helsenett)
Helse Møre og Romsdal HF 
Åsehaugen 1, 6026 Ålesund 
Endringa gjeld frå 11.november 2026. 
 

Oppdater adresser og preferanselister 

Dei adressene som har blitt brukt til no blir merka med “IKKJE BRUK DENNE”. HMR vil gå gjennom alle meldingane som er sendt til dei gamle adressene og så deaktivere adressene slik at det ikkje lenger vil vere mogleg å finne dei, når alle meldingane er handtert.  
 
Dersom journalsystemet ditt er synkronisert mot Adresseregisteret NHN, vil du sjå endringane med det same oppdateringa skjer.
 
Dersom journalsystemet ditt ikkje gjer dette automatisk, må du sørge for at det blir gjort manuelt slik at du får med deg endringane. Enkelte kan ha lagra snarvegar eller ha ei preferanseliste, og då er det også viktig å oppdatere desse. Denne oppdateringa må gjerast så snart som mogleg etter 11.november.  

Elektive tilvisingar  

Tilvisingane vil bli vurdert på same måte som tidlegare, og pasientane vil så langt det er råd settast opp på venteliste/time på sjukehuset som ligg nærast pasienten geografisk. Dersom det grunna kapasitetsutfordringar er fare for fristbrot eller ved særs lang ventetid, vil pasientane kunne få tilbod om utgreiing og behandling på  det andre sjukehuset i HMR som handterer denne pasientgruppa.  
 
Dersom pasienten takkar nei til tilbodet er det viktig å vere klar over at det ikkje lenger vil bli fristbrot, og ventetida kan potensielt bli endå lenger.
 
Vi ber difor om at de som tilvisarar prøver å motivere pasientane til å ta imot tilbodet dei får, uavhengig av lokasjon.