Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kapasitetsutfordringar ved augepoliklinikken SNR

Sjå tiltaka som kan avhjelpe situasjonen, og merk ny avtale som er inngått for barn med behov for oppfølging hos ortoptist.

Publisert 11.04.2025
Sist oppdatert 29.01.2026

Over lengre tid har vi hatt ein stor auke i talet på nyviste pasientar, samtidig som vår eigen kontrollpopulasjon også har auka. Dette har medført eit sterkt press på ressursane våre.

I tillegg til redusert kapasitet hos avtalespesialistar, står vi derfor i ein krevjande situasjon der vi må prioritere. Vi jobbar kontinuerleg med å vurdere ulike metodar for å auke kapasiteten vår, og vil yte eit forsvarleg og godt helsetilbod til pasientane.

Lettare å sortere og prioritere tilvisingane

Mange av tilvisingane frå fastlegane er av god kvalitet, men vi opplever likevel variasjonar i kva som kjem fram i tilvisingane. Uklare tilvisingar gjer det utfordrande når det gjeld å priortere rett og sette rett frist for behandling. Før tilvising er det fint om det er mogleg å teste visus, trykk, og eventuelt vurdere om pasienten kan få råd om å gå til optikar for ei undersøking som kan bidra til å avklare hastegrad. Dette vil gjere det lettare  å sortere og prioritere tilvisingane.

Har situasjonen endra seg?

Som ein konsekvens av avgrensa tilgjengelegheit på konsultasjonstimar hos augelegane våre, får vi fleire førespurnader om purringar på både avtalar og sette fristar. Dersom det er ønske og behov for å "purre på" time, bør det tydeleg komme fram om pasienten har plager eller forverring av situasjonen som tilseier endra prioritering.

Inngått avtale

For å betre kapasiteten i spesialisthelsetenesta er det inngått avtale om kjøp av private helsetenester med Medi 3 i Ålesund. Vi vil prioritere pasientar som har behov for vidare oppfølging i sjukehus, medan andre pasientar kan bli tilvist vidare til Medi 3.

Oppfølging av barn med behov for utgreiing hos ortoptist

For pasientar frå Romsdal har vi inngått avtale med ortoptist Anette Gaustad for å sikre at pasientane får rask og god oppfølging. Vi ønsker at barn som har behov for vurdering hos ortoptist, fortrinnsvis blir tilvist direkte til ortoptist Annette Gaustad. Vi har etablert eit godt samarbeid og tett dialog med henne, og ho har kapasitet til å ta imot nytilviste pasientar. For pasientar på Nordmøre vurderer vi at avstanden er for stor for at dette er ein hensiktsmessig løysing. 

Gjennom samarbeidet med Gaustad kan vi saman bidra til kortare ventetid og meir formålstenleg bruk av kapasitet, slik at pasientar som har behov for oppfølging ved sjukehus kan prioriterast der.

Vi set stor pris på godt samarbeid og takker for at de bidreg til gode pasientforløp.

Ring når det hastar

Vi vil understreke at pasientar som har symptom på glasslegmeløsning, netthinneavløysing eller andre tilstandar som blir vurderte som hast, må ta kontakt med oss per telefon, telefonnummer til vakttelefonen er 71 11 68 70.