Kapasitetsutfordringar ved augepoliklinikken SNR
Sjå tiltaka som kan avhjelpe situasjonen.
Over lengre tid har vi hatt ein stor auke i talet på nyviste pasientar, samtidig som vår eigen kontrollpopulasjon også har auka. Dette har medført eit sterkt press på ressursane våre.
I tillegg til redusert kapasitet hos avtalespesialistar, står vi derfor i ein krevjande situasjon der vi må prioritere. Vi jobbar kontinuerleg med å vurdere ulike metodar for å auke kapasiteten vår, og vil yte eit forsvarleg og godt helsetilbod til pasientane.
Lettare å sortere og prioritere tilvisingane
Mange av tilvisingane frå fastlegane er av god kvalitet, men vi opplever likevel variasjonar i kva som kjem fram i tilvisingane. Uklare tilvisingar gjer det utfordrande når det gjeld å priortere rett og sette rett frist for behandling. Før tilvising er det fint om det er mogleg å teste visus, trykk, og eventuelt vurdere om pasienten kan få råd om å gå til optikar for ei undersøking som kan bidra til å avklare hastegrad. Dette vil gjere det lettare å sortere og prioritere tilvisingane.
Har situasjonen endra seg?
Som ein konsekvens av avgrensa tilgjengelegheit på konsultasjonstimar hos augelegane våre, får vi fleire førespurnader om purringar på både avtalar og sette fristar. Dersom det er ønske og behov for å "purre på" time, bør det tydeleg komme fram om pasienten har plager eller forverring av situasjonen som tilseier endra prioritering.
Inngått avtale
For å betre kapasiteten i spesialisthelsetenesta er det inngått avtale om kjøp av private helsetenester med Medi 3 i Ålesund. Vi vil prioritere pasientar som har behov for vidare oppfølging i sjukehus, medan andre pasientar kan bli tilvist vidare til Medi 3.
Ring når det hastar
Vi vil understreke at pasientar som har symptom på glasslegmeløsning, netthinneavløysing eller andre tilstandar som blir vurderte som hast, må ta kontakt med oss per telefon, telefonnummer til vakttelefonen er 71 11 68 70.