Fastlegenytt
Kort fortalt: Gi jerntablettar annankvar dag!
Det har skjedd ein ting! Ny kunnskap! Vi har sannsynlegvis administrert jern feil i alle år, og no har vi endeleg studiane til å bevise det.
Hematologane ved SNR Hjelset
Publisert 24.04.2026
Kort fortalt: Gi jerntablettar annankvar dag!
Sjå utfyllande artikkel med studielenker (thebloodproject.com)
Bedre opptak
Kroppen tek opp jern meir effektivt når det går meir enn 24 timar mellom kvar dose, fordi hepcidin-nivåa i blodet rekk å søkke.
Færre biverknader
Mange opplever mindre mage- og tarmplager (som kvalme, forstopping eller diaré) samanlikna med dagleg inntak.
Like god effekt
Studiar viser at annankvar dag er like effektivt, om ikkje meir effektivt som dagleg inntak for å gjenopprette jernlager og auke hemoglobin.
Praktiske tips for inntak
- C-vitamin: Ta gjerne jern saman med appelsinjuice eller anna kjelde til C-vitamin. Ved 100 mg tablettar er nok C-vitamin nødvendig for å få sikra opptak av heile tabletten for dei aller fleste.
- Unngå samtidig inntak av: Kaffi, te, mjølkeprodukt og kalsiumtilskot bør unngåast rett før eller etter, då desse kan hemme jernopptaket.
- Tidspunkt: Jern blir gjerne teke 30 minutt før eller 2 timar etter måltid, men kan takast med mat om ein opplever ubehag.