Korte, presise tilvisingar til radiologiske undersøkingar
Mange tilvisarar som tidlegare sendte korte, konsise tilvisingar til rtg-us, sender oss no mykje lengre notat, der ein sender inn heile KI-oppsummeringa av konsultasjonen, og ikkje lagar ein dedikert, kort/konsis tilvising til radiologisk undersøking. Vi vil gjerne ha nok informasjon, men ønsker ikkje unødig, irrelevant informasjon.
Publisert 16.12.2025
- Radiologen handterer mange titals - tidvis eit tresifra tal tilvisingar/ undersøkingar pr dag (prioritering/ protokollering, tolking, signering etc) og vi er avhengige av presise og korte tilvisingar for å oppnå god og effektiv arbeidsflyt.
- Til rtg thorax og enkle skjelettundersøkingar bør ein som regel klare å få med essensen på 1-3 linjer. MR og CT undersøkingar vil gjerne krevje litt meir informasjon, men også her er det ofte nok med nokre få linjer.
- Status pr. no, med mange, lange tilvisingar til “korte problemstillingar”, er at radiologane berre har tid til å lese siste del av tilvising, gjerne samanfatta av KI under vignetten “Tiltak” el.l . Vi kan dermed miste vital informasjon. Om de vel å ikkje korte ned tilvisingane, ber vi dykk om å sørge for at all viktig informasjon kjem med i den siste oppsummeringa.
- Tilvising frå legevakt: det er ikkje nødvendig å gjengi fullstendig notata til både legen og sjukepleiaren, det blir gjerne dobbelt opp med litt ulik ordlyd. Samle heller det beste frå begge aktørar i ei dedikert, kortfatta tilvising.
- Vi vurderer om vi må starte med å returnere uforholdsmessig lange (elektive) tilvisingar.
I svara våre frå radiologisk avdeling prøver vi vi å gi korte og presise svar der det er mogleg. Vi tek gjerne imot tilbakemelding dersom det er noko vi sjølv bør endre i praksisen vår.
Med vennleg helsing, radiologar i Helse Møre og Romsdal.