Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mellombels stenging av sengepost for barn og unge ved SNR Hjelset

Frå måndag 26. oktober stenger vi døgntilbodet ved barneavdelinga på Hjelset mellombels. Årsaka er at vi manglar legar til å dekke vaktene. Vi arbeider for å opne døgntilbodet igjen så raskt som mogleg.

Publisert 23.10.2026

Dette held fram som før på Hjelset

Barneavdelinga er open måndag – torsdag kl. 08–18 og fredag kl. 08–15. I opningstida tek vi imot akutt sjuke barn til vurdering, og vi held fram med poliklinikk og dagbehandling.

Innlegging

Barn som treng innlegging, blir i denne perioden lagt inn ved Ålesund sjukehus. Det gjeld òg alle akutt sjuke barn på kveld, natt og i helgar.

Kirurgiske barn vil i så stor grad det er mulig bli ivaretatt på SNR også ved behov for innleggelse.

Slik tilviser de

Fastlege eller legevaktlege som ønsker å legge inn eit barn, kontaktar AMK som vanleg. Ved kontakt via AMK vil førespurnaden rutast til rett stad, og utifrå dialogen mellom tilviser og barnelege vil ein avgjere kvar pasienten skal takast i mot. 
Alle overflytingar mellom sjukehus i HMR blir handtert av HMR.