Operativ behandling av (mistenkte) maligne hudtumores i ansikt/på hals

Vi opplever eit massivt aukande tal maligne hudtumores i tråd med eldrebølga og langvarig soleksposisjon i løpet av livet. På grunn av særkompetanse i rekonstruktive operasjonar, er kirurgi av hudlesjonar i ansikt ved Ålesund sjukehus knytt til ØNH-avdelinga. For å kunne handtere pasientane, ikkje minst velje rett tidshorisont for behandlinga, er vi heilt avhengig av godt samarbeid med fastlegane.

Publisert 10.09.2024

Oversikt 

Det dreier seg grovt sagt om 4 entitetar

  1. godarta hudtumores
  2. basalcellecarcinom (BCC)
  3. plateepitelcarcinom(PEC) med forstadium (aktinisk keratose med div. grader av dysplasier)
  4. malignt melanom (MM)


Verd å vite

Ikkje alle treng operativ behandling.

BCC under 3 mm tjukn kan ofte behandlast med photodynamisk terapi (PDT) ved hudlege. Aktinisk keratose uansett dysplasigrad og PEC in situ kan som regel blir behandla med PDT ved hudlege.

Avgjerande er biopsi. Vi har dessverre kapasitetsmessig ingen sjanse å ta biopsiar av pasientane med mindre særskild indikasjon. Vi er heilt avhengig av at biopsiar blir tekne i primærhelsetenesta for å kunne tilby rett behandling, styre pasienten mot rett avdeling og planlegge tidshorisont på vegen vidare.

Vi ber dykk om å ta biopsiar

Det er heilt uproblematisk å ta ein 3 mm stansebiopsi i lokalbedøving frå ansikt. Dei kan lukkast med eitt sting. Sy slik at linja ligg langs rynker.

Unntak: - Augelokk, naseveng og nasetipp, lepperødgrense (innanfor og utanfor lepperaud går det greitt), mistanke om malignt melanom.

På øyremusling syr ein kun ytste kant, elles kan såret gro sekundært. Får ein utilsikta med seg brusk, tek det litt lengre tid å gro, men det gror likevel. Ved bløding kan pasienten presse på/ligge på øyret.

esthetic facial units

Illustrasjon: Cc by nc 3.0 by Gonzalez-Ulloa

Dei raude markeringane på bildet viser unntaka og er lagt til av seksjonsoverlege ØNH. Deed - Navngivelse-IkkeKommersiell 3.0 Unported - Creative Commons

Merknad

Av gode grunnar finst ingen "pakkeforløp hudkreft" bortsett frå malignt melanom. Det hjelper derfor ikkje å sende tilvising som pakkeforløp. Det er meir formålstenleg å ta ein biopsi som stadfestar PEC framfor BCC. Då blir ventetida få veker i staden for nokre månader som ved BCC eller ukjend entitet.

 

Litt om enkelte entitetar

Benigne hudtumores

Ifølge prioriteringsrettleiar medfører ikkje desse rettar i spesialisthelsetenesta. Av kapasitetsmessige grunnar kan vi ikkje ta imot benigne forandringar med mindre det ligg føre svært spesielle grunnar, til dømes eit hemangiom på halsen som blør ved barbering, eit stort lipom som er til hinder ved å ligge i senga e.l.

Vi kan ikkje tilby behandling av tumores som blir ønskt fjerna av estetiske grunnar, for eks. nævus som opplevast sjenerande, eit lite osteom som stikk ut frå panna etc. Her er det anten høve til fjerning i primærhelsetenesta (jf. prioriteringsrettleiar) eller pasienten må visast til private aktørar. 

Vi ber om forståing for at vi er nøydde til å vere strenge framover. Det står ikkje på vår gode vilje, det er kapasitet som set grenser.

Basalcellecarcinom (BCC)

Som regel er det forsvarleg med ei ventetid på behandling (eller på diagnostikk dersom biopsi må takast på sjukehuset) på 3-4 månader. Dersom det ikkje ligg føre ein biopsi set vi fristen ut frå opplysningane i tilvisinga.

Ut frå lokalisering og biopsisvar, det vil seie tumortjukn og dessutan undergruppe (superfisielt BCC, nodulært BCC, morfeatype etc) blir pasientar kanaliserte til hudavdeling eller ØNH, ev. kirurgi. Så det kan hende pasienten blir behandla ved ei anna avdeling enn den tilvisinga er sendt til. Igjen, dersom tilvising kjem med biopsisvar går det meir smidig, og fristen som blir sett treff betre. 

Plateepitelcarcinom (PEC) og forløparar

Klinisk er det ofte ikkje lett å skilje mellom manifest PEC, carcinoma in situ eller forløparen aktinisk keratose med grove dysplasier. Det utgjer ein stor forskjell for type behandling og forsvarleg ventetid. Spennet strekker seg frå få veker til mange månader. Biopsi er mirakelordet igjen.

Malignt Melanom (MM)

I samband med diagnostikk av MM er det i samsvar med prosedyren i nasjonal handlingsplan behov for eksisjonsbiopsier med 5 mm margin i alle retningar. Dette resulterer i store areal, ansikt teke i betraktning. Tiltaket kan sjølvsagt utførast ved sjukehuset om ansikt er involvert. Ved uvisse rundt diagnosen, skal hudavdelinga som hovudregel vere første instans.

Avslutningsvis

Vi håpar at informasjonen som her er gitt forklarer behovet for tett samarbeid om maligne hudtumores.

Mange takk til alle dykk som allereie tek biopsiar i dag.

Ei bønn til dykk som enno ikkje har tiltaket som rutine.

Ei oppmoding om forståing for at vi rett og slett er nøydde til å returnere tilvisingar dersom det synest opplagt at ein biopsi kan takast på legekontoret. Som tidlegare sagt, det er ikkje det at vi ikkje vil vere behjelpelege, men kapasitetsgrensa er nådd. 

Vi tilbyr hospitering og rettleiing for dykk som måtte ønske dette. Ring gjerne ved behov for råd eller diskusjon.