Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Opningstider for skadepoliklinikken på SNR Hjelset

Skadepoliklinikken på SNR Hjelset har opningstider frå kl 09:00 til kl 20:00 på kvardagar og frå kl 09:00 til kl 18:00 på laurdag, søndag og heilagdagar.

Publisert 16.06.2025

Pasientar som etter ein skade treng akutt vurdering av spesialisthelsetenesta, ut over dei ordinære opningstidene til skadepoliklinikken, vil bli varetekne i akuttmottaket. Vi ber om at pasientar som ikkje treng akutt vurdering av spesialisthelsetenesta kjem innanfor opningstidene.