Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Palliativt team utvidar tilbodet - opnar for fleire diagnosar

Frå og med 2. mars utvidar palliativt team ved Ålesund sjukehus tilbodet sitt som ein del av eit pilotprosjekt. Teamet kan no gi råd og rettleiing ved alle diagnosar, og tilbyr eigne konsultasjonar til eit breiare spekter av pasientgrupper enn før.

Publisert 16.03.2026

Tradisjonelt har palliativt team følgt opp pasientar med kreft og ALS. Med det nye pilotprosjektet omfattar tilbodet no også pasientar med:

  • KOLS
  • Lungefibrose
  • Hjartesvikt
  • Nyresvikt
  • Parkinson

Tilvising til palliativt team

Tilvising er aktuelt for pasientar med komplekse palliative behov, der det ordinære behandlingstilbodet ikkje gir tilstrekkeleg lindring, eller der ein forventar eit komplisert forløp med behov for tidleg spesialisert støtte.

Følgjande må kome fram av tilvisinga:

  1. Stadfesting på at pasienten er i palliativ fase, med ei venta levetid under eitt år.
  2. Årsak til tilvising, inkludert ein eller fleire tydelege problemstillingar som blir ønskte vurdert av palliativt team, for eksempel vedvarande høgt symptomtrykk som ikkje lèt seg lindre med basale tiltak
  3. Stadfesting på at pasienten er informert om palliativt team, og samtykker til 
    tilvising.

Dersom det er lenge sidan pasienten er vurdert av relevant sjukehusspesialist, bør det som regel gjerast før tilvising til palliativt team – særleg for å avklare prognose, behandlingsmoglegheiter og behandlingsnivå, med mindre det allereie er vedteke at spesialistoppfølging ikkje skal vidareførast.