Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientar med spørsmål om DVT kan tilvisast direkte til radiologisk avdeling for ultralyd

Praksisen gjeld spørsmål om DVT ved SNR Hjelset og Kristiansund.

Thomas Bremnes, seksjonsleiar legar, Avdeling for radiologi SNR Hjelset og Kristiansund
Publisert 19.06.2026

DVT er ei relativt hyppig problemstilling i allmennpraksis og på legevakt, og dei aller fleste pasientane blir utgreidd med ultralyd av relevant underekstremitet, etter klinisk undersøking og relevante blodprøver. 

Undersøkinga er nokså kortvarig, og har etter vår erfaring god sensitivitet (få pasientar kjem tilbake med tidlegare uoppdaga DVT). I 2023 hadde vi 340 undersøkingar av pasientar med spørsmål om DVT. Av desse vart 17,4 prosent vurderte som positive (tala har lege mellom 15 og 19 prosent dei siste vel ti åra, A. Røsberg, ikkje publiserte tal). Det vil seie at ein god del pasientar som blir tilviste med spørsmål om DVT ikkje treng behandling med antitrombotika. Dei treng då heller ikkje akutt tilsyn av indremedisinar i mottaket.
 
Pasientar med spørsmål om DVT kan tilvisast direkte til radiologisk avdeling for ultralyd. Vi ønskjer då at det er gjort klinisk undersøking, gjerne med vurdering av Wells skår, og at ein ringer til radiologisk forvakt før ein sender pasienten, både på dagtid og på vakttid. Det er ikkje formålstenleg å gjera desse undersøkingane på natt (ved sterk mistanke kan ein gi Klexane og få pasienten undersøkt neste morgon). Om ein uansett har bestemt seg for å ta ultralyd, er det ofte ikkje nødvendig med D-dimer.
 
Pasientar utan påvist DVT vil normalt bli sendt heim etter undersøking. Pasientar med påvist DVT blir sende vidare av oss til medisinsk vurdering for behandlingsoppstart. Det er altså ikkje nødvendig å melde pasienten til medisinsk avdeling / mottaket frå fastlege eller legevakt. Dersom dei blir tilviste direkte dit vil ventetida som regel bli unødvendig lang.

Dersom det etter undersøking framleis er stor klinisk mistanke om DVT kan ei reundersøking etter nokre dagar vurderast av fastlegen.