Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Fastlegenytt

Praksis for labiaplastikk i Helse Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal utfører kun labiaplastikk etter omskjering, hudtumores eller annan klar patologi. Dette er i tråd med praksis frå St.Olavs hospital.

Publisert 19.06.2026

Labiaplastikk er frårådd, særleg blant unge kvinner utan fødselsskade, traume, omskjering eller hudtumor, grunna risiko for komplikasjonar.

Pasientar skal informerast om konservative tiltak som å unngå barbering og trange klede, i tillegg til informasjon om normal variasjon i anatomi, herunder at ytre kjønnslepper ikkje nødvendigvis dekker dei indre. 

Vaksne kvinner som ønsker korrigerande kirurgi etter fødsel må tilvisast til private aktørar. Tilvisingar for labiaplastikk utan medisinsk indikasjon vil bli avvist i Helse Møre og Romsdal. 

Pasientar kan oppsøke privat spesialist i plastikkirurgi eller gynekologi, som utfører operative inngrep, for vurdering og eventuell behandling.