Prioritering av tilvisingar og krav til dokumentasjon ved endoskopisk utgreiing
Vi opplever for tida stor pågang og har behov for å prioritere pasientar som må greiast ut i sjukehus.
Tilvising til endoskopisk utgreiing
Vi ber om at pasienter som har behov for endoskopisk utgreiing og som kan utgreiast utanfor sjukehus, blir tilvist til Ålesund Magetarm Klinikk. Dette gjeld i hovudsak pasientar under 75 år med låg komorbiditet. Ved tilvsing kan ein også ta omsyn til lang reiseveg for den enkelte pasient.
Pasientar som blir tilviste til sjukehuset
For pasientar som blir tilviste til utgreiing i sjukehus, ber vi om følgande:
- Behov for innlegging skal vere medisinsk grunngitt og avklart med pasienten i forkant.
Utgreiing av pasientar frå område med høg førekomst av Helicobacter
Vi opplever ei betydeleg auke i talet på tilvisingar av pasientar som er fødde i Aust-Europa, Russland, Ukraina eller Asia. Hos desse er Helicobacter-infeksjon endemisk.
Det er derfor viktig at fastlege tek Feces-Helicobacter-prøve som ledd i utgreiinga og legg ved prøvesvar i tilvisinga.
Pasientar under 45 år utan alarmsymptom (vekttap, dysfagi, anemi) har vanlegvis ikkje indikasjon for gastroskopi. Ved påvist Helicobacter pylori-infeksjon kan behandling initierast utan førre endoskopisk undersøking, i tråd med ein «test-and-treat»-strategi.
I slike tilfelle blir trippelbehandling brukt i 10 dagar:
Første kur
Pantoprazol oral 40mg x2
Amoksicillin oral 500mgx3
Metronidazol oral 400mgx3
Første kur ved penicillinallergi
Pantoprazol oral 40mg x2
Klaritromycin oral 500mgx2
Metronidazol oral 400mgx3
Første feilslagerkur
Pantoprazol oral 40mgx2
Amoksicillin oral 750mgx3
Klaritromycin oral 500mgx2
Kontroll med F-Helicobacter-prøve blir tilrådd etter 2 månader.
Anbefalingar - Gjer kloke val
Viser til Kloke val tilrådingane frå Norsk gastroenterologisk foreining: Norsk gastroenterologisk foreining | Gjer kloke val.
- Unngå å utgreie pasientar med dyspepsi med gastroskopi om dei er yngre enn 45 år og ikkje har alarmsymptom
- Unngå koloskopi av pasientar med forstopping om dei er under 40 år og ikkje har alarmsymptom eller tjukk- og endetarmskreft i nær familie.
- Unngå å ta avføringsprøve for å påvise blod viss ein pasient med jernmangelanemi eller mage-tarm-symptom sjølv har observert friskt blod i avføringa.