Rutinar for handtering og tilvising av pasientar med mistenkte malignitet
Til kollegaer i Nordmøre og Romsdal.
Eli Sihn Steinskog på vegne av onkologane ved SNR
Publisert 27.04.2026
Det er behov for å presisere gjeldande rutinar for handtering og tilvising av pasientar med mistenkt malignitet.
Onkologisk avdeling er ikkje ei utgreiande eining. Dersom ein pasient har funn på CT eller andre undersøkingar som gir mistanke om kreft, og det er behov for vidare diagnostisk avklaring for å stadfeste malignitet og/eller fastslå primærtumors utgangspunkt, skal pasienten tilvisast til medisinsk eller kirurgisk avdeling ved SNR for vidare utgreiing i samsvar med pakkeforløp. Dette sikrar ein meir rett og effektiv pasientflyt. Takk for samarbeidet, de kan sjølvsagt konsultere onkologane dersom det er uvisse rundt noko om pasientane eller utgreiingane.