Ryggkirurgi i Helse Møre og Romsdal

Anbefalingar for regionalt pasientforløp for ryggkirurgi i helseregionen.

Publisert 13.03.2025

Helse Midt-Noreg har i 2024 hatt ei arbeidsgruppe beståande av ryggkirurgar frå alle sjukehusa i regionen og dette arbeidet har enda opp med ein sluttrapport med tilrådingar for regionalt pasientforløp for ryggkirurgi i helseregionen. 

Rapporten kan du lese her: Sluttrapport fra arbeidsgruppe for regionalt pasientforløp for spinalkirurgi.pdf

To ryggkirurgiske sentrum i Helse Møre og Romsdal

Konklusjonen for Helse Møre og Romsdal er at det skal etablerast to ryggkirurgiske sentrum i føretaket, der Kristiansund/SNR blir samla i det eine, og Volda/Ålesund i det andre. Volda sjukehus har for tida ikkje tilgjengeleg ryggkirurg, derfor har Volda og Ålesund sjukehus inngått nærare avtale når det gjeld handtering av desse pasientane.

Nordmøre og Romsdal

For Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) skal elektive ryggvurderingar til ortopedisk poliklinikk SNR. Uavklarte, akutte rygglidingar (ø-hjelp) skal framleis tilvisast til Nevrologisk avdeling SNR.

Sunnmøre

  • Elektive vurderingar/poliklinisk ryggvurdering skal sendast til ortopedisk poliklinikk i Ålesund. Tilvisingar av slike ryggvurderingar til Volda vil bli omdirigert til Ålesund.
  • Akutthjelp vurderingar kan framleis takast imot i Volda, men ved vurdering av akutthjelp-kirurgi (ø-hjelp), vil desse pasientane bli overflytta til Ålesund så framt det er tilgang på ryggkirurg der. Innleggande lege kan vurdere kva som er mest formålstenleg for pasienten i kvart enkelt tilfelle for ruting av innlegging.

Felles for begge sentruma

  • MR er ofte nødvendig i akuttutgreiinga av desse pasientane. Dessverre er det ikkje oppretta døgnkontinuerleg beredskap på dette ved sjukehusa i føretaket, men kan bli aktuelt å få utført på førespurnad frå vakthavande kirurgar ved sjukehusa.
  • Alternativet ved behov for akutt intervensjon og dette ikkje er tilgjengeleg i Helse Møre og Romsdal, vil vere St.Olavs hospital, som har ryggvakt 24/7, vere tilgjengeleg. 
  • Det vil vere eit mål å få på plass ein kontinuerleg vaktberedskap i ryggkirurgi ved dei ryggkirurgiske sentruma, men førebels er det ikkje tilgjengeleg nok kirurgar med tilstrekkeleg kompetanse innan ryggkirurgi til å dekke dette kontinuerleg, og i denne perioden vil vi vere avhengig av å støtte oss til St.Olavs hospital i vårt helseføretak.