Tilvising av helsepersonell og nære pårørande
Praksis med felles tilvisingsmottak har ført til spørsmål om helsepersonell og deira nære pårørande må tilvisast til tilvisingsmottaket. Mange vegrar seg for å bli tilvist, då dei ikkje er komfortable med å bli vurdert av kollegaer.
Publisert 20.12.2024
Lovverket om fritt val av behandlingsstad gjeld også for vurdering. Tilvisinga kan difor sendast til eit anna tilvisingsmottak enn eige helseføretak i slike høve.