Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utprøving av digital rettleiing ved demensutgreiing - førebels for fastlegar og hukommelsesteam på Nordre Sunnmøre

Geriatrisk poliklinikk ved Klinikk Ålesund sjukehus har i samarbeid med kommunane Sula, Sykkylven og Giske prøvd ut digital rettleiing til fastlegar og kommunale hukommelsesteam i samband med demensutgreiing, og utvidar no tilbodet til dei andre kommunane på Nordre Sunnmøre.

Publisert 20.03.2026

Dette er eit tilbod der tilvisning til poliklinisk utgreiing blir avslått, og geriatar vurderer at det ikkje er behov for vidare utgreiing i spesialisthelsetenesta. I slike tilfelle blir det i staden tilbydd eit kort digitalt rettleiingsmøte på Teams mellom fastlege, kommunalt hukommelsesteam og geriatar. Formålet er å støtte vidare utgreiing og oppfølging i kommunen.

Ordninga bygger på nasjonale faglege anbefalingar, som viser at basal demensutgreiing i hovudsak skal utførast i primærhelsetenesta. Utprøvinga tek utgangspunkt i allereie etablert modell mellom St. Olavs hospital og Trondheim kommune.

Møta blir satt opp som 30-minutt tverrfaglege samarbeidsmøte (takst for tverrfagleg samarbeid), men erfaringene så langt viser at behovet ofte er kortare enn 30min.  Sjå flyten i forløpet, som inkluderer praktiske avklaringar, roller og ansvar: Dokument «Demensforløpet - Digital veiledning», EQS-public

Dette er foreløpig ei utprøving og tilbod til kommunane på Nordre Sunnmøre, og erfaringane i utprøvinga hittil er gode. Vi ønsker derfor å teste ordninga i fleire kommunar lokalt rundt Ålesund sjukehus, før ei eventuell permanent innføring i heile fylket.