Viktig informasjon om bruk av dialogmeldingar – og invitasjon til emnekurs i kvinnehelse
Gynekologiske poliklinikkar i Helse Møre og Romsdal får stadig fleire dialogmeldingar frå fastlegar med spørsmål om kvinnehelse. Mange av desse meldingane gjeld komplekse problemstillingar som ikkje kan avklarast via dialogmelding.
Publisert 06.11.2025
Dette er viktig å hugse på
- Dialogmeldingar skal berre brukast når både pasient og sjukehuslege kjenner problemstillinga.
- Dersom pasienten ikkje har vore undersøkt eller behandla ved sjukehuset for den aktuelle problemstillinga, må pasienten tilvisast.
- Spørsmål om for eksempel hormonbehandling i overgangsalderen og vulvaplager krev ofte meir enn det dialogmeldingar kan gi svar på.
- Mange vanlege spørsmål kan avklarast ved å bruke metodeboka for gynekologi og fødselshjelp: metodebok.no/ngf
Vi oppmodar alle fastlegar til å bruke dialogmeldingar i tråd med retningslinjene i dokumentet Møteplass Møre og Romsdal 10a1.
Emnekurs i gynekologi og fødselshjelp
For å styrke kompetansen og gi fagleg påfyll, inviterer vi til eit klinisk emnekurs for fastlegar i starten av juni 2026. Kurset blir arrangert i Ålesund og skal gå over to dagar.
Tema på kurset
- Hormonbehandling i overgangsalderen
- PCO
- Vulvaplager
- Blødningsforstyrringar
- Bruk av metodebok og dialogmeldingar
Kurset blir arrangert i samarbeid med fagmiljø frå Molde, Vestnes og Fjord, og fleire av forelesarane kjem frå spesialisthelsetenesta i Helse Møre og Romsdal. Invitasjon og program blir sendt ut før jul.