Vulvapoliklinikk - nytt tilbod ved gynekologisk poliklinikk i Ålesund
Vulvapoliklinikken er for kvinner med komplekse vulvaplagar. Vulvapoliklinikken er eit tverrfagleg tilbod som består av overlege gynekologi Lena Hüttner, bekkenbunnsfysio/ sexolog Gunnhild Vindvik Nordstrand og sjukepleiar Linda Longva.
Publisert 24.03.2026
Gynekologisk poliklinikk ved Ålesund sjukehus har starta opp vulvapoliklinikken, eit poliklinisk tilbod ein dag per månad. Det er per i dag sju vulvapoliklinikkar i Noreg og vi er den sjuande i rekka.
I utgangspunktet tek vi imot kvinner som er tilvist frå gynekologiske poliklinikkar ved dei andre sjukehusa i Helse Møre og Romsdal og privatpraktiserande gynekologar.
Vi kan også ta i mot kvinner med tilvising frå fastlege dersom det er gjort ei grundig utgreiing i primærhelsetenesta.
Ved behov kan kvinna tilvisast vidare til hudpoliklinikk for vurdering hos hudlege med spesialfelt for hudsjukdommar i vulva.