Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Simulering gir betre innsikt i pasientforløp: – Vi følgjer informasjonsflyten og identifiserer utfordringar

I SAMOPP-prosjektet blir simulering brukt som verktøy for å forstå og forbetre informasjonsflyten i pasientforløp på tvers av tenestenivå med Helseplattformen. Gjennom realistiske scenario får helsepersonell sjå korleis informasjonen dei legg inn i journalsystemet faktisk blir presentert for andre aktørar.

Publisert 23.10.2025
En linje som med enkle illustrasjoner viser veien fra hjemmet, til fastlegen, til ambulanse, til sykehuset, til ambulansen og hjem igjen.

Illustrasjon: SAMOPP

– Mange opplever at dei ikkje ser korleis eigne meldingar og notat blir presenterte for mottakar, sjølv om vi nyttar same journalsystem. Difor har vi testa simulering som metode for å synleggjere informasjonsflyten gjennom eit heilt pasientforløp – frå heimen og tilbake igjen, forklarer prosjektleiar Katrine Skrede Mortveit.

Følgde «Olga Skrøpeleg» gjennom systemet

Den 9. september vart det gjennomført ein stor simulering på Åse Helsehus i Ålesund. Rundt 35 deltakarar frå ulike delar av helsetenesta – frå heimesjukepleie og fastlege til sjukehus og kommunale tenester – følgde den fiktive pasienten «Olga Skrøpeleg» gjennom eit heilskapleg pasientforløp.

– Vi ville sjå korleis informasjon vert journalført, vidareført og utnytta i dei ulike ledda. Det gav oss eit unikt innblikk i korleis systemet fungerer i praksis og på tvers av spesialist- og primærhelsetjenesta, seier Skrede Mortveit.

14 av deltagerne rundt bordene på felles dag for simulering av pasientforløp.

Foto: Helse Møre og Romsdal

35 deltakarar frå ulike delar av helsetenesta – frå heimesjukepleie og fastlege til sjukehus og kommunale tenester – følgde den fiktive pasienten «Olga Skrøpeleg» gjennom eit heilskapleg pasientforløp.

Mini-simuleringar for djupare innsikt

Etter den store simuleringa vart det klart at det var behov for å gå djupare inn i enkelte kritiske punkt. Det vart derfor gjennomført mindre simuleringar med fokus på blant anna innlegging frå heimesjukepleie til akuttmottak, utskriving frå sjukehus til kommunehelsetenesta, og informasjonsflyt for fysio- og ergoterapeutar.

– Desse mini-simuleringane gir rom for djupare drøfting. Vi får diskutert om utfordringane er tekniske, organisatoriske eller handlar om kompetanse og opplæring. Det gir oss eit betre grunnlag for å finne gode løysingar, seier Skrede Mortveit.

Felles forståing og betre samhandling

Simuleringane har avdekt både styrkar og forbetringsområde i dagens praksis. Ved å samle aktørar frå ulike delar av helsetenesta, har prosjektet fått fram kor komplekst eit pasientforløp kan vere – og kor viktig det er med god samhandling.

– På simulering av heilskapleg forløp kjentes avstanden mellom partane stor, men på minisimuleringane oppdaga vi at vi vil akkurat det same, sa ein deltakar frå heimesjukepleien.

Erfaringane frå simuleringane blir no dokumenterte og delte med relevante aktørar for å styrkje kompetanse og samhandling på tvers av regionen.

Samhandlingsoptimalisering med Helseplattformen - SAMOPP

Prosjektet "Samhandlingsoptimalisering med Helseplattformen" er eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og kommunane Ålesund, Molde og Kristiansund. Målet er å styrke samhandlinga mellom aktørane i helsetenesten og sikre heilskaplege pasientforløp ved hjelp av Helseplattformen – ein felles digital plattform for heile Midt-Norge.
Samhandlingsoptimalisering HP - SAMOPP
Menneskefigurer som hopper over en bro sammen