Å bli møtt, sett, høyrt og tatt på alvor er det viktigaste
Ved alle dei fire sjukehusa i fylket stod fagpersonar på stand under markeringa av Kva er viktig for deg?-dagen 6. juni. I møte med helsetenesten er det å bli møtt, sett, høyrt og tatt på alvor det viktigaste for pasientane, pårørande og innbyggarane.
Selma (3 år)
Å bli tatt på alvor, høyre etter når eg snakkar
Denne dagen er ei muligheit for gode samtalar mellom helsepersonell og pasientar og pårørande. Fagpersonar i helsetenesten ved Helse Møre og Romsdal stod på stand ved Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda sjukehus. I tillegg stod ein på stand ved kjøpesenter i Volda. Etter omlag 200 tilbakemeldingar under årets markering er det tydelig at dei fleste pasientar og innbyggarar er opptatt av nokre få viktige områder i møte med helsetenesten:
Det gode møte mellom helsepersonell og pasient
Å bli tatt godt imot, å bli sett, høyrt og få forståing i tillegg til å motta god og trygg behandling.Informasjon
God informasjon før, undervegs og etter - der pasienten er involvert i beslutningar.Ventetid
Rask diagnose, kort ventetid på behandling og punktligheit til timeavtalar.Fysiske forhold og tilgang til tenestene
Tilgang på parkeringsplassar, meir besøkstid, kort reisevei og at det er lett å finne fram.Meir om "Kva er viktig for deg-dagen?"
Kva er viktig for deg dagen vert markert på ulike måtar i over 50 land. Initiativet til dagen starta i Noreg gjennom læringsnettverket for «Gode pasientforløp» i regi av KS og Folkehelseinstituttet. På denne dagen vert tilsette i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta oppfordra til å trene på å spørje pasientar og brukarar om "Kva er viktig for deg?" - uavhengig av alder og helsetilstand. Formålet er å flytte fokuset frå "Kva er det som feilar deg?" til "Kva er viktig for deg?" for å sikre brukarmedverknad og fokus på eigenmeistring.