Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Digital reise gjennom ein eldre skrøpeleg sitt pasientforløp i Helseplattformen

Ein simulert pasientreise blei arena der over 100 deltakarar frå heile helsetenesta diskuterte korleis helseinformasjon kan følgje pasienten i staden for organisasjonane

Publisert 15.09.2026

Korleis kan ein felles digital infrastruktur bidra til tryggare pasientforløp, betre samhandling og meir involverte pasientar?

Det var utgangspunktet då SamOpp inviterte til simuleringa «Digital reise gjennom ein eldre skrøpeleg sitt pasientforløp i Helseplattformen». Over 100 deltakarar frå kommunar, helseføretak, Helsedirektoratet, KS, Helseplattformen og regionale helseføretak følgde den fiktive pasienten Olga si reise frå heimen, via legevakt og sjukehus, og tilbake til eigen bustad. 

Gjennom simuleringa fekk deltakarane sjå korleis informasjon følgjer pasienten gjennom heile forløpet når helsepersonell arbeider i ei felles løysing. Samstundes vart det synleggjort både moglegheiter og utfordringar knytt til arbeidsprosessar, dokumentasjon, tilgang til informasjon og samhandling på tvers av nivåa i helsetenesta. 

Olga si reise frå heim til heim

Den fiktive pasienten Olga vart brukt som ein raud tråd gjennom heile dagen. Deltakarane følgde henne frå tryggleiksalarmen gjekk heime i stova, via ambulanse, legevakt, akuttmottak og sengepost, til utskriving og vidare oppfølging i kommunen etter heimkomst. 

Målet var ikkje å vise ei perfekt verd, men å illustrere kva som kan vere mogleg når informasjon er tilgjengeleg på rett stad til rett tid, og når pasient, pårørande og helsepersonell deler ei felles forståing av situasjonen. Simuleringa viste korleis strukturert dokumentasjon, gjenbruk av informasjon og pasientinvolvering kan bidra til meir samanhengande pasientforløp.

Illustrasjon av pasientforløpet til Olga. Forløpet består av seks steg: 1) Olga får hjelp heime av heimeteneste og finn ikkje fram. 2) Transport og undersøking på legevakt. 3) Transport til akuttmottak og vurdering. 4) Behandling på sjukehus. 5) Utskriving frå sjukehus. 6) Heimreise.
Illustrasjon av dei ulike stega i Olgas pasientforløp, frå første kontakt med helsetenesta til heimreise.

 

Skapte engasjement langt utover teknologien

Møtechatten vart raskt fylt av refleksjonar og spørsmål frå deltakarar med svært ulik bakgrunn. Representantar frå kommunar, sjukehus, myndigheiter, brukarorganisasjonar og teknologimiljø deltok aktivt gjennom heile dagen. 
Diskusjonane handla om langt meir enn teknologi. Deltakarane drøfta pasientsikkerheit, tilgang til informasjon, juridiske dokumentasjonskrav, dobbeldokumentasjon og korleis ein kan redusere unødvendige arbeidsprosessar utan å gå på kompromiss med kvalitet og forsvarlegheit. Vi var også nysgjerrige på korleis dette støttar fagleg vurdering gjennom felles kartleggingsverktøy på tvers av sykehus og kommune.

– Eg sit her og noterer flittig. Sett utanfrå er det fascinerande å sjå korleis helsepersonell kan arbeide parallelt med dokumentasjon og handtering av pasienten, og korleis fleire kan halde seg oppdaterte fortløpande gjennom forløpet, kommenterte ein deltakar frå eit nasjonalt e-helsemiljø under simuleringa.
Fleire deltok også i faglege diskusjonar om kor mykje dokumentasjon som eigentleg er nødvendig når informasjonen allereie finst strukturert i journalen, og kva som skal til for å skape tillit til informasjon som blir delt mellom ulike delar av helsetenesta. 

Frå venting til søking

Eit gjennomgåande tema gjennom dagen var korleis helsetenesta kan gå frå å vente på informasjon til å aktivt søkje etter informasjon som allereie finst tilgjengeleg.

Simuleringa synleggjorde korleis opplysningar kan følgje pasienten gjennom heile forløpet, og korleis strukturert dokumentasjon kan redusere behovet for å sende den same informasjonen fleire gonger mellom tenestene. Samstundes førte dette til viktige diskusjonar om korleis lovverk, arbeidsprosessar og teknologi må utviklast i takt for å realisere gevinstane av ei felles journalløysing.

– Den beste undervisninga eg har sett

Tilbakemeldingane frå deltakarane var gjennomgåande positive.

– Dette har vore den beste undervisninga i felles bruk av Helseplattformen som eg har sett. Slike opplegg treng vi meir av dersom vi skal lykkast med samhandling på tvers, skreiv ein deltakar frå spesialisthelsetenesta i møtechatten.
Ein representant frå kommunal helse- og omsorgsteneste løfta fram den praktiske tilnærminga:

– Veldig lærerikt og svært godt gjennomført. Dette gjorde det mykje enklare å forstå korleis dei ulike delane av pasientforløpet heng saman.

Også frå brukarhald kom det positive tilbakemeldingar:

– Takk for eit viktig og godt planlagt møte. Overgangane mellom tenestene er noko mange pasientar og pårørande er opptekne av, og det var nyttig å sjå dette perspektivet så tydeleg løfta fram.

Ein annan deltakar frå helsetenesta oppsummerte opplevinga slik:
– Inspirerande å sjå korleis effektiv informasjonsdeling kan bidra til betre samhandling når ulike aktørar arbeider rundt den same pasienten.

Eit utgangspunkt for vidare arbeid

For SamOpp var dagen meir enn ein demonstrasjon av funksjonalitet i Helseplattformen. Simuleringa blei ein arena for felles refleksjon om korleis helseinformasjon kan følge pasienten i staden for organisasjonane, og kva som må til for å understøtte heilskaplege pasientforløp i framtida.

Blant tema som skapte særleg engasjement, var deling av pasientdata til pasient og pårørande, tilgang til informasjon på tvers av nivåa i helsetenesta, utfordringar knytt til tilgangsstyring, («knus glaset»[JV1.1]-funksjonalitet), og korleis ein kan redusere dobbeltarbeid gjennom betre bruk av strukturert dokumentasjon.

Då den seks timar lange simuleringa var over, stod éin ting tydeleg att: Når kommunehelsetenesta, spesialisthelsetenesta, myndigheiter, brukarrepresentantar og teknologimiljø samlast rundt det same pasientforløpet, oppstår det både læring, refleksjon og nye idear til korleis framtidas helsetenester kan utviklast.