Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Korleis utvikle "vår felles helseteneste"?

Torsdag 13.juni vart det gjennomført eit nytt Partnarskapsmøte mellom det politiske og overordna leiarnivået i helseføretaket og kommunane, brukarar og fastlegar. Hensikta med møtet er å drøfte korleis helsetenestene best kan utviklast for innbyggarane i Møre og Romsdal.

Publisert 19.06.2024
En gruppe mennesker som sitter ved bordene
Fredrik A.S.R. Hanssen, avdelingsdirektør i Spesialisthelsetjenesteavdelingen ved Helse- og omsorgsdepartementet holder innlegg om føringer i Nasjonal helse- og samhandlingsplan.

Partnarskapsmøtet vart gjennomført i bystyresalen i Ålesund og behandla saker knytt til:

  • Samhandlingsprosjektet Helseplattformen
  • Utfordringsbilete og moglegheiter sett frå ulike perspektiv
  • Årsmelding for Helsefellesskap Møre og Romsdal 2023
  • Revidert samarbeidsavtale 2025-2028
  • Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024-2027

Møtet vart avslutta med «rundebord-diskusjon». Deltakarane vart utfordra til å vurdere utfordringar og utviklingspotensiale for å bygge «vår felles helseteneste» i Møre og Romsdal. Under framlegg frå borda vart m.a. økononi og det å ha tilstrekkeleg personell peikt på som den store utfordringa. Helseføretaket og kommunane bør utvikle felles kommunikasjonsstrategi og bygge felles omdømme slik at det blir attraktivt å arbeide i helsetenestene i Møre og Romsdal. Dei faglege samarbeidsutvala var trekt fram å ha ei viktig rolle i å peike ut pasientforløp for å sikre kvalitet i samhandlinga mellom nivåa. Det vart retta forslag om at ordførarane frå alle kommunane bør delta i Partnerskapsmøtet. Det er viktig at dialogen er god og at helseføretaket og kommunane har tillit til kvarandre.  

Meir informasjon om Partnerskapsmøte og protokoll frå møtet kan lesast her.