Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva er viktig for deg dagen 2025

3.juni markerer helse og omsorgstenestene i heile landet "Kva er viktig for deg?" dagen. Dette er ei påminning til alle som jobbar i kommune og spesialisthelseteneste om å sjå heile mennesket kvar dag, heile året.

Publisert 03.06.2025
figurer av en mann som spør en kvinne om hva er viktig for henne

Foto: Blå Design for Gode pasientforløp

Initiativet til dagen starta i Norge gjennom læringsnettverket for «Gode pasientforløp» i regi av KS og Folkehelseinstituttet. Initiativet starta i 2014 og har som mål å sette pasienten eller brukaren sine behov og ønsker i sentrum av helsetenestene. Kva er viktig for deg dagen 3 juni blir markert på ulike måtar i over 50 land.

På denne dagen blir alle tilsette i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta oppfordra til å trene på å spør alle sine pasientar og brukarar om «Kva er viktig for deg?» - uavhengig av alder og helsetilstand. Ved å forstå kva som er viktig for kvar enkelt pasient, kan helsepersonell tilpasse behandlinga og omsorga på ein meir meinigsfull måte og bidra til at fleire pasientar får rett behandling på rett nivå.    

Eit spørsmål om livskvalitet 

Det å vere aktiv i utforminga av eigne mål aukar motivasjon og styrker meistringskapasiteten hos oss menneske. Når fokuset blir flytta frå diagnosar til samtalar om kva som er viktig i livet, kan pasientar og pårørande saman med helsepersonell diskutere korleis merksemda blir på livskvalitet og kva som er viktig i livet til tross for sjukdom og eller tap i funksjonsnivå. Eit av måla for arbeidet i Gode pasientforløp er at pasienten eller brukaren skal oppleve å vere likeverdig i utarbeidinga av pasientforløpet sitt. 
 
Spør, lytt til svaret og følg opp det som er viktig saman. Dagen skal minne helsepersonell på kor viktig det er at vi stiller spørsmålet «kva er viktig for deg?» til alle pasientar og brukarar kvar dag, heile året.
 

Vi ønsker alle ein flott og inspirerande «Kva er viktig for deg? – dag» 3.juni!