Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva er viktig for deg dagen

I år blir "Kva er viktig for deg dagen" markert torsdag 6. juni. Dagen er ei påminning til alle som jobbar i helsetenesta om å sjå heile mennesket – ikkje berre sjukdommen eller diagnosen.

Publisert 06.06.2024
Diagram

Kva er viktig for deg dagen blir feira 6. juni og blir markert på ulike måtar i over 50 land.  Initiativet til dagen starta i Noreg gjennom læringsnettverket for «Gode pasientforløp» i regi av KS og Folkehelseinstituttet. På denne dagen blir alle tilsette i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta oppfordra til å trene på å spør alle sine pasientar og brukarar om «Kva er viktig for deg?» - uavhengig av alder og helsetilstand. 

Eit av måla for arbeidet i Gode pasientforløp er at pasienten eller brukaren skal oppleve å vere likeverdig i utarbeidinga av pasientforløpet sitt. Spør, lytt til svaret og følg opp det som er viktig saman.

Gode pasientforløp

 

Eit spørsmål om livskvalitet 

Det å vere aktiv i utforminga av eigne mål aukar motivasjon og styrker meistringskapasiteten hos oss menneske. Når fokuset blir flytta frå diagnosar til samtalar om kva som er viktig i livet, kan pasientar og ev. pårørande saman med helsepersonalet diskutere korleis merksemda blir på livskvalitet og kva som er viktig i livet til tross for sjukdom og eller tap i funksjonsnivå. 
 

Det som er viktig for ​deg 

​Like viktig som at spørsmålet blir stilt, er at helsepersonell faktisk lyttar til det som blir svart. Dette krev at ein  som helsepersonell er interessert i kva som er pasienten sitt problem og kva pasienten kan gjere og ønsker å gjere i den aktuelle situasjonen. Dette kan etter kvart føre til gode relasjonar i behandlinga og bidra til at fleire pasientar får rett behandling på rett nivå.