Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nytt samhandlingsforløp skal gi betre hjelp til ungdom med rusvanskar

Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal er i gang med å utvikle eit heilt nytt samhandlingsforløp retta mot ungdom med rusvanskar. Målet er tydeleg - å sikre at unge som med strevar med rus får rett hjelp - på rett stad – til rett tid. Prosjektet er det første av sitt slag i Noreg og skal bidra til betre koordinering mellom kommunale tenester og spesialisthelsetenesta.

Publisert 12.05.2026
Ein person som står foran ein projektorskjerm
ARBEIDSSAMLING. Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) delte erfaringar og tankar om behandling for ungdom med rusproblematikk.

Eit løft for ungdom som treng tidleg og samordna hjelp

Ungdom med rusvanskar kan i dag møte eit fragmentert system der ansvarsfordeling, roller og tiltak varierer mellom tenester og nivå. Mange blir fanga opp for seint, noko som kan føre til alvorleg utvikling og tunge tiltak som plassering i institusjon. 

Det nye samhandlingsforløpet har som mål å endre dette. Ved å samle kunnskap, ansvar og arbeidsmåtar i eitt felles forløp, skal både ungdom, pårørande og fagpersonar få betre oversikt og tryggleik i kva hjelp som finst – og kven som skal gjere kva.

Kva blir betre med eit samhandlingsforløp?

Klare roller og ansvar

Forløpet vil beskrive kva kvar teneste skal gjere innan kartlegging, tiltak i eigen teneste, samarbeid med andre og tilvising. Dette gjeld både kommunale tenester og spesialisthelsetenesta. 

Tidleg innsats og betre flyt i hjelpa

I dag manglar det ei tydeleg “behandlingstrapp” frå bekymring til tiltak og behandling. Det nye forløpet skal gi ei felles forståing av kva som skal gjerast i tidleg fase - før problema blir alvorlege.

Betre samarbeid på tvers

Tenestene skal jobba meir samla rundt ungdommen. Forløpet byggjer på ei multisystemisk tankegang der skule, helse, barnevern og BUP/spesialisthelsetenesta samarbeider tettare. 

Styrka kompetanse

Gjennom felles samlingar, workshop og kompetanseheving skal fagpersonar få betre kunnskap om rusvanskar hjå ungdom og korleis dei kan bidra i sitt ledd av forløpet.

Tryggare for ungdom og pårørande

Når hjelpa blir meir koordinert og forutsigbar, blir det enklare for familiane å vite kvar dei skal henvende seg og kva dei kan forvente av hjelpeapparatet.

Nytteverdi for fagpersonar, ungdom og pårørande

For fagpersonar:

  • Betre oversikt over tenester og ansvar
  • Klarare rammer for samarbeid
  • Meir effektiv og koordinert innsats

For ungdom

  • Eit meir heilskapleg og trygt hjelpetilbod
  • Tidlegare hjelp og færre “hull” i hjelpeapparatet
  • Betre overgangar mellom tenester

For pårørande

  • Oversikt over kva hjelp som finst
  • Større tryggleik i at ungdommen får rett oppfølging
  • Betre involvering i prosessen

Eit pionerprosjekt i Noreg

Det nye samhandlingsforløpet blir det første i landet som systematiserer samhandlinga rundt ungdom med rusvanskar. Arbeidet er forankra i Helsefellesskapet i Møre og Romsdal, og prosjektet blir utvikla i tett samarbeid med kommunane, BUP, TSB, Helseinnovasjonssenteret, KORUS og brukarrepresentantar.

Satsinga kjem og i forkant av det nasjonale vedtaket om at ansvaret for rusbehandling for barn og unge under 18 år skal flyttast frå det statlege barnevernet til spesialisthelsetenesta.

Eit felles løft for ei sårbar gruppe

Med det nye samhandlingsforløpet tek Møre og Romsdal eit viktig steg mot betre og meir samordna hjelp til ungdom som strevar med rus. Ambisjonen er klar - å gi ungdom og familiar eit system som faktisk heng saman – og som møter dei med rett kompetanse, rett tiltak og rett støtte når dei treng det mest.