Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Med Helseplattformen som verktøy

Sterkare saman for betre pasientforløp

Helsefelleskapet Møre og Romsdal har tildelt prosjektet “samhandlingsoptimalisering med Helseplattformen” rekrutterings- og samhandlingstilskot for 2025 og 2026. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Møre og Romsdal og Kristiansund, Molde og Ålesund kommune.

Publisert 23.06.2025
Sist oppdatert 24.06.2025
Ikon
Illustrasjon samhandlingsoptimalisering med Helseplattformen

Møre og Romsdal er ein unik posisjon: Helse Møre og Romsdal og over 70 % av kommunane har tatt i bruk Helseplattformen. No har vi eit felles digitalt grunnlag som gjer det mogleg å jobbe meir koordinert – til beste for både pasient og helsepersonell. 

Gjennom felles innsats skal vi:  

  • Styrke samhandling og overgangane i pasientforløpet med Helseplattformen 
  • Redusere dobbeltarbeid og avklare ansvar gjennom heile pasientforløpet 
  • Få meir tid til pasientbehandling gjennom betre informasjonsdeling  
  • Gje pasientane tryggare, meir heilskapleg oppfølging  
  • Skape ein arena for samarbeid og hente gevinstar av å vere på ei felles plattform  

Prosjektet har særleg fokus på pasientar med samansette behov – grupper som ofte blir ramma av utydelege overgangar. No legg vi til rette for ei meir berekraftig helseteneste i heile Møre og Romsdal – med pasienten i sentrum og samhandling som nøkkel. 

Prosjektet starta opp 5. mai 2025 og er heilt i startgropa med å skaffe innsikt frå alle aktørar og planlegging av aktivitetar til hausten.  Meir informasjon kjem etter kvart!  

Er du nysgjerrig, ta gjerne kontakt med prosjektleiar Katrine Skrede Mortveit (E-post: katrine.skrede.mortveit@helse-mr.no, Tlf: 90183045).