Samhandlingskonferansen samla rekordmange deltakarar i Ålesund
Fredag 7. november gjekk Samhandlingskonferansen 2025 av stabelen i bystyresalen i Ålesund med 112 deltakarar – den største påmeldinga nokon gong. Konferansen vart arrangert av Helsefellesskap Møre og Romsdal og samla leiarar frå kommunar, helseføretak og andre sentrale aktørar.

Foto: Helse Møre og Romsdal
Det var to hovudtema for dagen, helse- og omsorgsberedskap i eit samhandlingsperspektiv og behovet for radikal transformasjon i helse- og omsorgstenestene. Gjennom innlegg og diskusjonar vart det peika på store utfordringar knytt til økonomi, demografi og rekruttering, og korleis betre samarbeid kan vere ein del av løysinga.
Ein inngang, ein koordinator og meir støtte til pårørande
Blant innleiarane var “demensfluensar” Marianne Mørck Danielsen, som delte sterke erfaringar frå pårøranderolla. Ho peikte mellom anna på at «Systemet sviktar – ikkje menneska. Vi treng ein inngang, ein koordinator og meir støtte til pårørande».
Samhandling er nøkkelen
Olav Lødemel, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal (HMR), og Herlof Nilsen, styreleiar i HMR, presenterte utfordringsbiletet sett frå helseføretaket si side. Lødemel løfta fram at det er svært gledeleg at Helse Møre og Romsdal har bygd nytt akuttsjukehus på Hjelset (SNR). Vidare at nytt bygg for AIO (akutt, intensiv og operasjon) ved Ålesund sjukehus, også er i rute. Innføringa av Helseplattforma har vore krevande, men fungerer godt på mange område. Satsingane samla, har likevel ein høg pris fortalde Lødemel; stor gjeld, høge rentekostnader og ein kostnadsvekst gir eit omstillingsbehov på omlag 1 milliard kroner. Vi må omstille kraftig, med ein økonomisk plan som dessverre vil kreve reduksjon av tilbod. Samhandling er nøkkelen – basert på prioriteringskriteria nytte, ressursbruk og alvorlegheit. Styreleiar Herlof Nilsen la til at utfordringane til Helse Møre og Romsdal er godt kjent og at statsbudsjettet ikkje gir oss veldig mykje drahjelp. Oppdraget er gitt, vi skal tilbake i balanse, det er forankra i fleirtalet på stortinget, departementet og i Helse Midt-Norge. «Oppdraget er som de høyrer altså ikkje frivillig – Vi treng all den hjelp vi kan få, om vi skal levere eit best mogeleg tilbod for innbyggarane i Helse Møre og Romsdal”.
Klare roller, likeverdig ansvar og dialog
Kenneth Langvatn, styreleiar i Sunnmøre regionråd presenterte utfordringsbiletet sett frå kommunane si side. Han ytra mellom anna at kommunar og Helse Møre og Romsdal står overfor mange like utfordringar: økonomi, demografi, bemanning og rekruttering. Vidare at ei aldrande befolkning både gir ressursar og nye behov, men at forventningsgapet mellom innbyggarar og det offentlege aukar. Han oppmoda til at vi må aktivere fleire innbyggarar, møte veksten i demens og psykisk uhelse, og tenke nytt om eldreomsorg med meir heimebaserte tenester, fleksible turnusar og rett kompetanseprofil. Han peika på at samhandling mellom kommunar og helseføretak er avgjerande – med klare roller, likeverdig ansvar og dialog. Helsefellesskapet skal vere arenaen for å utvikle dette samarbeidet. Han la til at Sunnmøre regionråd jobbar aktivt for å mellom anna betre ressursfordeling mellom helseføretaka i Helse Midt-Norge.

Førebudd på det usannsynlege
Spesialrådgivar Arthur Gjengstø frå Helsedirektoratet innleia på temaet helse- og omsorgsberedskap i eit samhandlingsperspektiv og minte om at tryggleik ikkje er ei sjølvfølge:
«Fred og fridom er ingen garanti. Vi må vere førebudd på det usannsynlege».
Trusselbildet er komplekst, med risiko for sabotasje mot kritisk infrastruktur, langvarig bortfall av straum og vatn, og stort behov for helsepersonell, fortalde han. Ny smittevernlov og helseberedskapslov er på veg, og institusjonane må sikre eigenberedskap med bufferlager for medisinar og utstyr. Målet er ei helseteneste som fungerer også under krig og kriser – gjennom samarbeid, øving og deling av kunnskap.
– Sannsynleg at noko usannsynleg kjem til å skje
Kommuneoverlege i Ålesund kommune Olav Mestad tok eit lokalt beredskapsperspektiv på nasjonal trusselvurdering 2025. Han minte om at historia viser kor sårbare vi er og drog fram eksempel som Bybrannen, Hustadvika-ulukka, Fjelltunulykka og Covid-pandemien. Historia fortel oss at «det er sannsynleg at noko usannsynleg kjem til å skje». Han fortalde at Ålesund har gjennomført risiko- og sårbarheitsanalyser med 19 scenario og øvingar på bortfall av IKT-system. Til slutt påpeika han at erfaringane frå pandemien viser at rask mobilisering og nye samhandlingsarenaer er avgjerande – og at god kommunikasjon er ein nøkkel i krisesituasjonar.
Styrka samarbeid
Hans Olav Ose, beredskapssjef i Helse Møre og Romsdal og leiar for Fagleg samarbeidsutval (FSU) akuttmedisinsk kjede snakka om behovet for felles beredskapsplanar mellom kommunar og helseføretak. Dette har vore drøfta i faglege samarbeidsutval og nettverk for sikkerheit og beredskap, og har resultert i tre hovudprioriteringar:
- Kommunar og helseføretak skal trene saman
- Sikre robuste kriseplanar for heile tenestespekteret
- Rett kompetanse til rett pasient
Samarbeidet om risiko- og sårbarheitsanalysar er allereie styrkt, og øvingar i 2024 har gitt gode erfaringar. «Vi må bygge vidare på strukturane vi har og utvikle samhandlinga mellom nivåa», var bodskapen frå beredskapsutvalet.
Læringspunkt frå pandemien
Forskargruppa bak prosjektet «Lokal handtering av koronapandemien» var også til stades og delte sentrale funn og læringspunkt frå handteringa av pandemien i Møre og Romsdal. Bidraga kan lesast i antologien Lokal handtering av koronapandemien.
Målet er meir samanhengande tenester
Statssekretær Ellen Rønning-Arnesen (HOD) deltok digitalt på Samhandlingskonferansen og understreka behovet for radikal transformasjon i helse- og omsorgstenestene. «Eldrebølga bør vi heller kalle eldrekrafta. Vi må gå frå styring og kontroll til tillit og medverknad», sa ho. Vidare sa Rønning-Arnesen litt om Helsereformutvalet sitt oppdrag, helsepersonellplanen og Prosjekt X, som skal teste innovative løysingar frå helsefellesskapa. Målet er meir samanhengande tenester og nye måtar å organisere arbeidet på.
«Vi brukar 400 milliardar på helse og omsorg, men ventetider, psykisk helse og omsorg for pårørande viser at vi må tenke nytt», sa Rønning-Arnesen. Utvalet skal levere sine forslag innan november 2026. «Det finst ingen quickfix, men vi må starte no – saman», avslutta ho.
Presenterte innovasjonar
Til slutt vart to innovasjonsprosjekt presentert av Randi Torgersen (Pasientsentrert helseteam PSHT) og Katrine Skrede Mortveit (Samhandlingsoptimalisering i Helseplattformen “SAMOPP”). PSHT er eit fylkesdekkande prosjekt som jobbar tverrfagleg for å jobbe heim utskrivingsklare skrøpelege eldre pasientar og forhindre reinnleggingar. Prosjektet SAMOPP er eit samarbeid mellom HMR HF og kommunane Ålesund, Molde og Kristiansund, der målet er å hente ut gevinstar ved å vere på same digitale plattform – Helseplattformen.
Dagen inkluderte også gruppearbeid om helseberedskap, framtidig organisering og styring, samt diskusjon om korleis kommunar og helseføretak kan samarbeide betre.
Konferansen viste tydeleg at helsefellesskapet er ein sentral arena for å møte utfordringar knytt til økonomi, demografi og beredskap – og for å utvikle nye løysingar saman.

Foto: Helse Møre og Romsdal