Samhandlingsstrategi med handlingsplan for pasientar med rus- og psykiske helseplagar
Strategi med handlingsplan for pasientar med rus- og psykiske helseplagar er klar for iverksetting!
Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal vedtok i møte 13.september at utarbeida samhandlingsstrategi med handlingsplan for pasientar med rus- og psykiske helseplagar skal iverksetjast. Formålet er å understøtte målsetjing om heilskaplege behandlingsforløp med klar ansvarsfordeling i og mellom helseføretak og kommune.
For å sikre at pasientar med rus- og psykiske helseplagar får koordinerte og saumlause tenester av god kvalitet, er det avgjerande at dei ulike helsetenestene får til ei god samhandling med klar oppgåve- og ansvarsfordeling mellom partane. Utfordringsbiletet for Møre og Romsdal viste til manglande kunnskap om kvarandre sine tenestetilbod på tvers av tenestenivå og forvaltningsnivå, svikt i overgangane mellom nivåa og behov for lik tilgang til tenestetilbod for alle innbyggarane i fylket.
Utarbeida strategi med handlingsplan bygg på eit arbeid frå ei partssamansett arbeidsgruppe med brei kompetansesamansetting innafor fagområdet rus- og psykisk helse i tillegg til brukarrepresentasjon. For å sikre involvering og felles oppslutning om mål og tiltak, har handlingsplanen vore på høyring i kommunane i Møre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF og brukarutvalet. For å sikre framdrift i arbeidet er ein avhengig av at alle i samhandlingskjeden sluttar opp om måla og følgjer opp tiltaka. Rapportering og evaluering av arbeidet er ei forutsetning for å kunne vurdere mål og effekt av tiltaka og inngår som ein del av prosessen for å betre samhandlinga for pasientar med rus- og psykiske helseplagar.