Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

SamOpp med fagleg innlegg på medisinske fagdagar i Ålesund

Den 15. april deltok SamOpp med det første av tre planlagde faglege innlegg under medisinske fagdagar ved medisinsk avdeling i Ålesund. Innlegget sette søkelys på samhandlingsfunksjonar i felles journal og korleis desse kan brukast betre i samhandlinga mellom kommune og sjukehus.

Publisert 21.04.2026
Sist oppdatert 05.06.2026
En person som står ved siden av et podium
Kor kan ein finne registrerte hjelpemiddel frå ei kommune som har registrert dette i Helseplattformen? Linn Therese Wold (opplæringsansvarleg HP i HMR), Anette Opstad (rådgivar Ålesund kommune) og Katrine Skrede Mortveit (prosjektleiar samopp) viser og forklarar.

Eit spørsmål til salen tidleg i presentasjonen – «Leitar du etter informasjon i felles journal?» – illustrerte eit viktig poeng: Berre eit fåtal rakk opp handa. Dette samsvarer med eit hovudfunn frå arbeidet i SamOpp: Kunnskapsnivået om kva samhandlingsfunksjonar som faktisk finnast i felles journal, er lågare enn mange har trudd. 

Stor interesse for felles funksjonalitet 

I innlegget vart det lagt vekt på å skape felles forståing for arbeidsprosessar i kommune og helseføretak, og på å vise konkrete eksempel på informasjon som allereie er tilgjengeleg i felles journal. Deltakarane fekk mellom anna innføring i funksjonar som: 

  • oversikt over kommunal bistand via «hjartet» 
  • informasjon om hjelpemiddel gjennom «hjelpemiddelmannen» 
  • visning av prosedyrar via avatar 
  • legemiddelsamstemming og legemiddeladministrasjon 

Presentasjonen viste korleis desse funksjonane kan bidra til betre oversikt, tryggare pasientforløp og mindre dobbeltarbeid – dersom dei blir brukt aktivt. 

Eit viktig gap – og eit stort moglegheitsrom 

Responsen frå deltakarane tyda på stort engasjement og ny læring. Samtidig vart det tydeleg at det finst eit betydeleg gap mellom eksisterande funksjonalitet og faktisk bruk i kvardagen. Dette peikar på eit stort moglegheitsrom for vidare opplæring, forankring og felles praksisutvikling. 

Innlegget i Ålesund var det første av tre identiske foredrag ved medisinsk avdeling, og utgjer eit viktig tiltak i det vidare SamOpp-arbeidet med å hente ut samhandlingsgevinstane i Helseplattformen.