SamOpp
Simulering av pasientforløp avdekte viktige forbetringsområde og nye moglegheiter
Torsdag 13. november 2025 samla prosjektet SamOpp (Samhandlingsoptimalisering med Helseplattformen) rundt 50 deltakarar frå heimetenesta, ambulansetenesta, legevakt og sjukehus til ei heildagssamling ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Representantar frå Molde, Kristiansund og Ålesund kommune deltok, saman med helsepersonell og fagekspertar frå Helse Møre og Romsdal. Helseplattformen og KS bidrog også med kompetanse på gode pasientforløp.

Under samlinga vart det gjort ein simulering av eit heilskapleg pasientforløp, der ein fiktiv pasient på 98 år vart følgt frå heimetenesta, via ambulanse og legevakt, til innlegging og behandling på sjukehus, og vidare til utskriving og oppfølging heime. Deltakarane demonstrerte korleis dei dokumenterer og hentar ut informasjon i Helseplattformen og andre relevante system.
Målet var å undersøke informasjonsflyten og samhandlinga mellom aktørane. Simuleringa avdekte fleire forbetringspunkt, men også nye moglegheiter i Helseplattformen som ikkje var kjende for alle. Å samle aktørar frå ulike delar av pasientforløpet gav stor verdi og styrka forståinga for kvarandre sin arbeidskvardag.
Å sjå bruken av HP på tvers på denne måten er avgjerande for å finne flaskehalsar i samhandlinga og forstå utfordringsbiletet til kvarandre. Veldig nyttig arbeidsform.

Foto: Helse Møre og Romsdal.
Dette var den andre simuleringa av sitt slag, etter ei liknande øving på Åse Helsehus 9. september. Erfaringane frå desse dagane blir tekne med vidare i prosjektet for å definere utfordringar, moglegheitsrom og tiltak.
Prosjektet har som mål å realisere gevinstane ved at sjukehus og kommune brukar same journalsystem. Dette kan redusere dobbeltarbeid og sikre gjenbruk av informasjon, til fordel for både helsepersonell og innbyggarane.
– Vi vil takke alle deltakarane for engasjement og konstruktive bidrag gjennom dagen. Samlinga var ei nyttig arena for samhandling og erfaringsutveksling, seier prosjektleiar Katrine Skrede Mortveit på vegne av prosjektgruppa.