Skulder til skulder for betre samhandling
Korleis kan tilsette på sjukehuset lettare finne viktig informasjon frå kommunen i Helseplattformen?
Det var tema då Madelen Løvås frå Kristiansund kommune og Synnøve Solbakken frå Molde kommune besøkte seks sengepostar ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Saman med Trude Gudbrandsen Solenes, kvalitetsrådgivar ved SNR, gav dei praktisk opplæring til tilsette i arbeidskvardagen.
Opplæringa var ein del av prosjektet “SamOpp”, som jobbar for betre samhandling mellom kommune og sjukehus i Helseplattformen. Hovudmålet er å få meir ut av felles journal, slik at tilsette lettare finn rett informasjon og pasientane får tryggare og meir heilskaplege forløp.
Totalt deltok 18 tilsette frå seks sengepostar. Dei fekk rettleiing «skulder til skulder» i korleis dei kan finne informasjon frå kommunen, mellom anna om kommunal hjelp, legemiddel, hjelpemiddel, funksjonsnivå og behandlingsavklaringar.
Hovudfunn
Funna viser at tilsette ser store nytte av slik praktisk opplæring. Fleire funksjonar i Helseplattformen kan gjere samhandlinga betre, men dei må vere kjende og bli brukte i det daglege arbeidet.
Særleg vart «hjartet» trekt fram som nyttig. Det gir oversikt over kva hjelp pasienten får frå kommunen. Tilsette opplevde at denne informasjonen ofte er meir oppdatert og nyttig enn innleggingsrapporten.
Også «hjelpemiddelmannen», kommunale legemiddellister, CFS (Clinical Frailty Scale), Synopsis og førehandssamtalar vart trekte fram som funksjonar med stort potensial. Samtidig viste besøksrunden at fleire av funksjonane framleis er lite kjende.
Eit viktig funn er derfor at felles journal åleine ikkje er nok. Tilsette må også vite kvar informasjonen finst, korleis han skal brukast, og korleis kommunen og sjukehuset dokumenterer på ulike måtar.
Legemiddelsamstemming var eit anna viktig tema. Presentasjonen viste korleis sjukepleiarar kan finne siste legemiddelliste frå heimebaserte tenester, og korleis historikk på registrert legemiddelsamstemming kan bidra til betre vurdering av informasjonsgrunnlaget og styrkje pasienttryggleiken. Funna frå observasjonen viser at tilgang til kommunal legemiddelliste betrar samhandlinga, føresett at kommunen følgjer prosedyren. Det vart også peika på at styrkt implementering av legemiddelnotat kan betre samhandlinga ytterlegare.
Vegen vidare
Som eit vidare tiltak blir det foreslått enkle steg-for-steg-prosedyrar. Dei kan støtte tilsette i kvardagen og brukast i opplæring av nytilsette.
Besøksrunden viser at små grep kan gi stor effekt: Når kommune og sjukehus veit kvar dei finn kvarandres informasjon, blir samhandlinga betre — og pasientforløpa tryggare.

Illustrasjon: SamOpp
