Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sterk deltaking og kreativ kraft på SamOpp-workshop

Fredag 30. januar samla SamOpp-prosjektet 35 deltakarar frå kommunane og Helse Møre og Romsdal til ein engasjerande og idé­rik tiltaksworkshop. Målet var å løfte blikket og finne konkrete, smarte tiltak som kan styrke samhandlinga på tvers – og deltakarane leverte over all forventning.

Publisert 09.02.2026
Workshop i mange, små grupper

Gjennom dagen arbeidde åtte grupper med dei viktigaste innsiktsområda frå prosjektet, og kokte dei ned til kreative, gjennomførbare og framtidsretta forslag. I ei avsluttande pitchekonkurranse stemte deltakarane fram dagens beste idé. 

Vinnaren: “Opplæringsbomba” – eit krafttak for felles kompetanse 

Den mest populære ideen, og soleklar vinnar av pitchekonkurransen, var “opplæringsbomba” – ein intensiv, samkøyrt og praksisnær læringspakke som skal: 

  • gi felles forståing av systembruk 
  • hindre vranglære 
  • avdekke fallgruver 
  • styrke samarbeid mellom kommunar og føretak 

Forslaget inkluderer simuleringar, konkrete case, typiske feil, tverrfaglege læringsøkter og tett oppfølging – med mål om å etablere felles kompetanse med effekt i praksis.

Denne ideen fekk brei støtte både frå kommune, sjukehus og prosjektleiinga – og blir no tatt vidare i det vidare tiltaksarbeidet. 

En gruppe mennesker som sitter rundt et bord med bærbare datamaskiner

 

Andre fremheva idear frå workshopen 

1. Standardiserte flytskjema og felles pasientforløp

Fleire grupper peikte på behovet for å rydde opp i gamal praksis og sikre felles flytskjema på tvers av nivå.

Dette inkluderer forslag om å: 

  • standardisere pasientforløp mellom HF og kommunane 
  • revidere flytskjema i Helseplattformen 
  • fjerne forelda papirrutinar som ikkje gir verdi  
  • Fjerne unødvendig meldingsutveksling

2. “Samhandlingstaxi” – trygg flyt gjennom teknologiske verktøy

Ein av dei mest nytenkande ideane var konseptet Samhandlingstaxi, som humoristisk – men presist – adresserer behovet for betre sporing og informasjonsflyt: 

  • pasienten “scannast” ved overgangar 
  • heimetenesta får løpande oversikt 
  • RFID-teknologi kan sikre korrekt medisinoversikt  

Dette viser korleis humor ofte kan synleggjere reelle behov i praksis.

3. Magisk knapp på mobil – mindre klikk, meir samhandling 

Ei rekke grupper foreslo funksjonelle forbetringar, som ein “magisk knapp” som samlar fleire utskrivings- og permisjonsfunksjonar i éin operasjon. 
Eit tiltak som vil redusere feil og gi meir effektivt arbeid i krevjande situasjonar.  

4. Smart bruk av strukturert informasjon

Det kom fleire forslag til korleis helsepersonell kan utnytte den strukturerte informasjonen betre, blant anna: 

  • opplæring i bruk av Synopsis 
  • bryte ned siloar mellom nivå 
  • hospitering for å bygge tillit til kvarandre sin dokumentasjon 

5. Forenkling av notatflyt og fellesstandardar

Konkrete tekniske og praktiske forslag inkluderte: 

  • bruk av tags for notatmaler 
  • regionale smart phrases 
  • betre bruk av kontakttypar for å gjere informasjon enklare å finne  

6. Felles opplæringsinitiativ og tverrfagleg læring 

Fleire grupper foreslo: 

  • felles fagdager for sjukehus og kommune 
  • simuleringar på tvers 
  • hospitering mellom nivå 
  • felles opplæringsvideoar og materiell  

Dette samsvarar godt med vinnarforslaget og viser eit sterkt ønske om meir koordinert kompetansebygging. 

7. Spillbasertopplæring – læring som motiverer 

Ei gruppe lanserte eit engasjerande forslag om spillbasert opplæring, med poeng, nivå og konkurranse mellom einingar. 

Tiltaket kan bidra til: 

  • raskare læring 
  • høgare motivasjon 
  • sterkare kultur for samhandling  

Eit felles løft for betre samhandling 

Workshopen demonstrerte ei brei forståing av utfordringsbiletet – men også stor skaparkraft. Tusen takk for ein fantastisk dag! Neste steg blir å vidareutvikle og prioritere tiltaka – med “opplæringsbomba” i front som eit av dei mest lovande forslaga.