Illustrasjonsbilete pasientforløp

Pasient- og pakkeforløp

Pasient- og pakkeforløp skal bidra til gode, koordinerte og samanhengande tenester til brukarane. Dei skal sikre samhandling mellom brukar​, pårørande, fastlege, spesialisthelsetenesta, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante aktørar.

Helsedirektoratet har innført omgrepet pakkeforløp, som er nasjonalt bestemte og beskrivne standardforløp for undersøkingar og behandlingar for bestemte diagnosar, med faste forløpstider. Målet er å bidra til rask utgreiing og behandlingsstart utan unødvendig ventetid.

Informasjon frå Helse Møre og Romsdal om pasient- og pakkeforløp

Helse Møre og Romsdal har sterkt fokus på standardisering av pasient- og pakkeforløp for å sikre forutsigbarheit og tryggleik for pasientar og pårørande. Pasientane skal sikrast informasjon og brukermedverknad. Pasientforløpa er utarbeida for fagpersonell, men er opne for alle. I oversikta under finn du ​godkjende pasientforløp med relevante prosedyrar som er forankra i nasjonale rettleiarar og regionalt standardiserte pasientforløp.​

Betre samhandling med Rusbehandling nasjonalt pasientforløp (TSB)

Les om korleis behandlingstilbodet blir sydd saman for å gi deg eit heilskapleg tilbod. 

Rusbehandling nasjonalt pasientforløp (TSB)
Sette sammen flire delar til eit heilt forløp
Sist oppdatert 03.10.2024