Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilvising

Tilvisingar (henvisinger) både frå fastlege, avtalespesialist og kommune (sjukeheim), skal sendast elektronisk via journalsystemet.

Ein person som sit ved ein PC.

Illustrasjon: Colourbox.com

Tilvising til utgreiing og behandling

Tilvising blir brukt ved tilvising til utgreiing, behandling eller førespurnad om fagleg råd. Innhald i tilvisinga skal vere i tråd med tilvisingsrettleiaren. Henvisningsveileder - Helsedirektoratet  

Ved tilvising til akuttmottak skal tilvising sendast til relevant spesialitet. Pasienten skal også meldast til AMK-sentralen for innlegging.

Når spesialist har vurdert tilvisinga vil tilvisar få tilbakemelding i meldinga «status henvisning». Denne meldinga kan innehalde viktig informasjon, så det er viktig at tilvisar les desse meldingane. 

 

I tillegg til tilvisingsrettleiaren frå Helsedirektoratet kan vi ha lagt ut informasjon i våre behandlingstekstar og avdelingssider om kva som er viktig å hugse på når du skal sende ei tilvising. 

 

Tilvising til pasient- og pårørandeopplæring

Informasjon om tilvising til pasient og pårørandeopplæring, for eksempel kurs eller gruppetilbod finn du under kvart enkelt tilbod i kurskatalogen til Helse Møre og Romsdal

 

Finn rett tilvisingsadresse

Rett tilvisingsadresse (Her-id) finn du i adresseregisteret til Norsk helsenett. 

 

Avtalespesialistar og ventetider​

Du kan finne informasjon om avtalespesialistar og ventetider her (helse-midt.no)

 

Kvifor elektronisk tilvising? 

​Sjukehusa har korte fristar for å vurdere tilvisingar og svare pasienten med tid for behandling. Med elektronisk tilvising unngår vi tida for vanleg postgang, og vi reduserer samtidig risikoen for å gjere feil.

Sist oppdatert 25.09.2026