Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Studentar i sjukepleiepraksis

– Kjempespanande praksis på poliklinikk

Spenninga var høg då kirurgisk poliklinikk ved Ålesund sjukehus skulle ta imot studentar på poliklinikken for første gang: heldigvis var det ei svært positiv erfaring, for både studentar og rettleiarar. Studentane har vore i full sving med mange ulike oppgåver.

Publisert 26.01.2023
Sist oppdatert 14.02.2023

Ein av studentane var Pirabin (Pira) Sivakunathasan (24). I poliklinikken har han bistått i dei  fleste behandlingar og fått trena på mykje av det han lærer på sjukepleiestudiet. 

    
Pira

Pira hadde eit ønske om praksis på poliklinikk, han hadde lest seg opp på førehand og skjønte at det var mange ulike læringsområde

Pira kjem frå Oslo går tredje året på sjukepleiestudiet. Etter praksisperioden er han no tilkallingsvikar i seksjonen. 

 – Det har vore utruleg lærerikt og spanande! Eg fått prøvd meg på mange ulike oppgåver innan ortopedi, kirurgi og hjarte- og karpasientar. Praksisen ved poliklinikk har gitt stor variasjon;  eg har mellom anna fått trent veldig mykje på sårstell og gipsing, noko eg ikkje har fått øvd på andre stader. Her er pasientar i alle aldre og mange spanande læringssituasjoner.  











Seksjonsleiar Maren Pedersen

Seksjonsleiar for kirurgisk poliklinikk Maren Pedersen er svært nøgd med å erfaringa med studentane.  -Begge studentane vi har hatt i praksis hos oss har vore til stor nytte. Læringa har gått begge vegar og det er luksus for oss at vi no har ein tilkallingsvikar, det har vi aldri hatt før. 

​ Unik erfaring 
 
Guro Berge

Tilgong på fleire praksisplassar har hatt eit aukande fokus gjennom mange år, og utviding til praksis på poliklinikkane er sentralt for å kunne ta i mot dei aukande studentkulla, seier utdanningssjef i HMR Guro Berge

– Eg fekk inntrykk av at både seksjonsleiar og kollegar opplevde det som verdifullt å ha student. Studentane  kjem inn i seksjonen for å lære, men har og med seg noko nytt og ny kunnskap.  Tilbakemeldingene frå kollegaer var utelukkende positive.  

– Dette er ei mogleghheit til å få verdifull kompetanse og hjelp inn i poliklinikk også, og studentane får erfaring med det dei som sjukepleiarar vil møte i arbeidslivet.

Om din poliklinikk vil teste ut studentar er det berre å ta kontakt med oss i utdanningsseksjonen, avslutter Berge.   

Studentane bidreg i pasientbehandlinga ​

Malin Horvli (23) er student på andreåret og visste lite om poliklinikken før ho valde praksisplass. Men etter 9 veker der, vil ho anbefale andre studentar å prøve å få plass her. –Her er det stor variasjon i både pasientgrupper og oppgåver. Eg har vore innom alt fra gastro til sår, til ortopedi og ø-hjelp. Ei viktig oppgåve er å lese seg opp på journalen og førebu og trygge pasienten. Eg har fått mykje øving i å lese meg opp på behandlinga og å assistere ansvarleg lege og dette vil komme til nytte  vidare.  ​​ 

Malin

Malin er oppvaksen på Hamar, ho er ofte å finne i fjellheimen på Sunnmøre. Ho opplever at ho er på riktig studie og riktig stad. Tilgong til toppturar og friluftsliv var ein av grunnane til at ho valde Ålesund som studieby.

 
  
-Kjekt og lærerikt med studentar i praksis i Kirurgisk poliklinikk. PÅ biletet frå venstre: ente Vik, Kristin Vadseth Sand, Magn

-Kjekt og lærerikt med studentar i praksis i Kirurgisk poliklinikk. På biletet frå venstre: Bente Vik, Kristin Vadseth Sand, Magnhild Vinnes Hjelmeseth, Merete Trygstad og Maren Pedersen