Spenninga var høg då kirurgisk poliklinikk ved Ålesund sjukehus skulle ta imot studentar på poliklinikken for første gang: heldigvis var det ei svært positiv erfaring, for både studentar og rettleiarar. Studentane har vore i full sving med mange ulike oppgåver.
Publisert 26.01.2023
Sist oppdatert 14.02.2023
Ein av studentane var Pirabin (Pira) Sivakunathasan (24). I poliklinikken har han bistått i dei fleste behandlingar og fått trena på mykje av det han lærer på sjukepleiestudiet.
Pira kjem frå Oslo går tredje året på sjukepleiestudiet. Etter praksisperioden er han no tilkallingsvikar i seksjonen.
– Det har vore utruleg lærerikt og spanande! Eg fått prøvd meg på mange ulike oppgåver innan ortopedi, kirurgi og hjarte- og karpasientar. Praksisen ved poliklinikk har gitt stor variasjon; eg har mellom anna fått trent veldig mykje på sårstell og gipsing, noko eg ikkje har fått øvd på andre stader. Her er pasientar i alle aldre og mange spanande læringssituasjoner.
Unik erfaring
– Eg fekk inntrykk av at både seksjonsleiar og kollegar opplevde det som verdifullt å ha student. Studentane kjem inn i seksjonen for å lære, men har og med seg noko nytt og ny kunnskap. Tilbakemeldingene frå kollegaer var utelukkende positive.
– Dette er ei mogleghheit til å få verdifull kompetanse og hjelp inn i poliklinikk også, og studentane får erfaring med det dei som sjukepleiarar vil møte i arbeidslivet.
Om din poliklinikk vil teste ut studentar er det berre å ta kontakt med oss i utdanningsseksjonen, avslutter Berge.
Studentane bidreg i pasientbehandlinga
Malin Horvli (23) er student på andreåret og visste lite om poliklinikken før ho valde praksisplass. Men etter 9 veker der, vil ho anbefale andre studentar å prøve å få plass her. –Her er det stor variasjon i både pasientgrupper og oppgåver. Eg har vore innom alt fra gastro til sår, til ortopedi og ø-hjelp. Ei viktig oppgåve er å lese seg opp på journalen og førebu og trygge pasienten. Eg har fått mykje øving i å lese meg opp på behandlinga og å assistere ansvarleg lege og dette vil komme til nytte vidare.