Årsmelding 2022: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Finansiering av forsking i Helse Møre og Romsdal 2022

Seksjonssjef i Seksjon for kliniske studiar Dag Arne Lihaug Hoff diskuterer forskingsøkonomi- og forvalting i Helse Møre og Romsdal. Ein kort grafisk presentasjon av forskingsfinansieringa i HMR for året 2022, med vekt på ramme, budsjett og forbruk, er inkludert lenger ned på sida.

Forskingsfinansieringa i Helse Møre og Romsdal er tufta på sær- og øyremerka finansiering frå Helse Midt-Norge. Ein har enno ikkje funne rom i eigne rammer til forsking i den grad som ligg i forventningar frå Helse Midt-Norge. Klinikk legg til rette for forsking gjennom å frigje tilsette til mellombels kombinerte stillingar. 

Finansiering av forsking er utfordrande, og ein er heilt avhengig av ei langsiktig, robust basisfinansiering. Ekstern finansiering lukkast vi med regelmessig, og betre år for år, men det er stor konkurranse. Vi fekk til dømes tildeling frå Samarbeidsorganet på 3 av 7 søknader frå HMR, og våren 2022 leverte HMR søknad om infrastrukturmidlar for kliniske studiar for kreftomsorg i HMR, nasjonalt den beste søknaden. Berre desse tildelingar er ei finansiering med ein storleik på 16 millionar over 3 år. 

Seksjon for forsking og innovasjon (SFI) forvaltar forskingsøkonomi. D​et er ein krevjande jobb og systemet er styrt av rammer tilpassa klinisk aktivitet. Dei frie forskingsmidlane er også siste 2 åra vorte nytta til å etablere forskarstillingar, til å utvikle forskingsstøtte og legg til rette for intern prosjektfinansiering over 2 år - inntil 1 million som årleg sats. Slik kan vi profesjonalisere forsking og integrere forsking som ein naturleg oppgåve for helseføretaket. 

Det å investere i personell med frikjøp av tid for etablerte og nye forskarar, støtte til planlegging, gjennomføring, koordinering og areal gjer det mogleg å utvikle HMR til eit forskande føretak og t.d. løyse oppdraget «auke i kliniske studiar» i HMR. Resultatet av arbeidet vil kome gradvis, og ein må hugse at personell som vert tilsett som forsking-/studiemedarbeidarar får sin kompetanse gjennom å jobbe med kliniske studiar. I tillegg er stillingane kombinerte og arbeidsdagen skal tilpassast både det kliniske- og studiearbeidet. I mitt arbeid med forsking og kliniske studiar opplever eg at systema institusjonen rår over ikkje er tilpassa. Likevel opplever eg at system er endringsvillig, men det tek tid og det krev resursar.

1
- Dag Arne Lihaug Hoff, avtroppande forskingssjef i Seksjon for forsking og innovasjon og no seksjonssjef i Seksjon for kliniske studiar.




​​​Grafisk framstilling av forskingsfinanisering i Helse Møre og Romsdal 2022


2

Figur 1: Økonomisk ramme, budsjett og forbruk knytt til forsking i Helse Møre og Romsdal for året 2022.

3

Figur 2: Økonomi knytt til forskingsdrift i Helse Møre og Romsdal for året 2022.

4

Figur 3: Budsjett og forbruk knytt til frie forskingsmidlar i Helse Møre og Romsdal for året 2022. (Søyle nr. 9 = forskingspersonell kliniske studiar).​​


Sist oppdatert 13.03.2023