Spesialisering i anestesiologi ved Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus er eit middels stort sjukehus med primært pasientgrunnlag på ca.110.000 innbyggarar. Sjukehuset har funksjon for heile Sunnmøre for barneanestesi, cancerkirurgi, øyre-nase-hals-kirurgi, og større ryggkirurgi. I tillegg har sjukehuset fylkesfunksjon for risikofødslar, karkirurgi, kirurgi innanfor rektumcancer og mammacancer.  Møre og Romsdal har ein populasjon på om lag 265.000. Anestesilegane hos oss yter anestesiservice til pasientar innanfor faga generell kirurgi, ortopedi, øyre-nase-hals, tann-kjeve, auge, gynekologi og føde/barsel (ca 1400-1600 fødslar per år). Det er eiga barneavdeling med intensivavdeling for nyfødde.
Ålesund sjukehus er eit traumesjukehus som mottek traumepasientar frå Sunnmøre. I 2021 hadde vi om lag 7500 anestesiar totalt, der 4800 av desse var generelle anestesiar, rett i overkant av 2000 regionale anestesiar, og om lag 500 fødeepiduralar. 350 av anestesiane var på barn < 5 år. Ved smertepoliklinikken vår er det kring 2200 konsultasjonar årleg.


Den første perioden er ein i hovudsak seksjonert på sentraloperasjonen. Deretter vil du som LIS hos oss ha rotasjon på dagkirurgisk seksjon, smerteseksjonen, intensivavdelinga og sentraloperasjonen. Ved intensivavdelinga har vi pasientar som treng ekstra overvåking og behandling, til dømes respiratorpasientar og pasientar med behov for kontinuerleg nyreerstattande behandling. Ved dagkirurgisk seksjon gjennomførast hovedvolumet av barneanestesi. På smerteseksjonen vil ein i hovudsak delta i akutt smerteteam saman med sjukepleiar. Ein har og moglegheit til å delta i palliativt team, der ein anestesilege er tilsett. Ålesund sjukehus er godkjend som donorsjukehus. LIS deltek i traumeteam, barneteam, hjertestansteam, MET-team, MIT-team samt resuscitering av nyfødde.
Det er totalt 18 overlegestillingar som dekker 6-delt vakt i tre sjikt (bakvakt heimevakt, flyvakt og helikoptervakt). Det er 9 LIS-stillingar som dekker eige vaktsjikt. Vaktdøgnet er todelt heile veka der nattevakta startar på ettermiddagen med tilstadevakt fram til neste morgon. Vi har ein LIS 1-stilling i avdelinga, LIS 1 går ikkje vakt men skal ha nokre følgevakter utover kvelden.
Som LIS hos oss kan ein rekna med å kunne få godkjend dei aktuelle læringsmåla vi kan tilby her i løpet av om lag 3 års teneste. Ein vil få variert erfaring innan anestesi, intensivmedisin og akuttmedisin ved vår avdeling. Ein treng og 6 månadar ved indremedisinsk avdeling for å få oppfylt nødvendige læringsmål i indremedisin. Spesialiseringsperioden er 21 månadar og vi har avtale om samarbeid med St. Olavs hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus.

Når ein startar hos oss får ein tildelt rettleiar, og utdanningsansvarlig overlege gir omvisning. Nye LIS utan anestesierfaring har seks månadar opplæring før ein startar i sjølvstendig vakt. LIS som tidlegare har vore LIS1 hos oss har fem månadar opplæring. Den første tida blir det fokusert på luftvegshandsaming og basal anestesi ved sentraloperasjonen. Det er utarbeidd eiga sjekkliste for dette som ein vil få tilsendt før oppstart. Ein går følgjevakter fram til kl 22 dei første tre månadane, deretter har ein to-tre månadar med følgevakter saman med erfaren primærvakt. Siste månaden før oppstart i sjølvstendig vakt vil ein på dagtid ha vaktcallingen. Ved oppstart vil ein få gjennomgang og bli sjekka ut på bruk av det medisinsk-teknisk utstyret som er aktuelt.

Vi har internundervisning kvar onsdag morgon på 50 minutt og kvar torsdag morgon på 40 minutt. Onsdagsundervisningane tek utgangspunkt i eitt treårshjul med tema tilknytta læringsmåla i kompetanseportalen. Kvart halvår har vi fellesundervisning med høvesvis kirurgisk-, ortopedisk og gynekologisk avdeling, med fokus på felles tema. Torsdagsundervisningane blir haldne av to legar, og då blir det presenterte kortare tema, vitenskapelege artiklar eller kasuistikkar. Både LIS og overlegar bidreg til internundervisning. Ein gong i månaden er det ein time avsett til kollokviearbeid/grupperettleiing, der tema er basert på læringsmål i kompetanseportalen. Gjennom eit samarbeid med barneavdelinga er 1-2 kollokvium saman med LIS frå deira avdeling. Det er alltid ein overlege med på desse samlingane. I januar kvart år er det prehospital utsjekk på to timar. 
NTNU i Ålesund utdannar sjukepleiarar innanfor anestesi, operasjon og intensiv. Som anestesilege hos oss kan du vere med å forelese innanfor gitte tema. Fra høsten 2023 vert det starta med medisinutdanning. 
LIS får delteke på nødvendige kurs i spesialiteten, dette leggast det til rette for. 

Vi har regelmessig trening i team på nyføddresuscitering, hjertestans, MET-mottak og traumemottak etter BEST-prinsippet. I tillegg øver vi kvar månad på ulike akuttprosedyrer på sentraloperasjon og intensiv. Alle skal ha regelmessig simulering i AHLR. Som LIS deltek du på perkutane tracheotomiar på intensiv. Det er også årleg gjennomgong av teknikkar ved vanskeleg luftveg. To gongar per år blir det arrangert akuttveke på barneavdelinga med simulering på både små og store barn. Her er anestesilegane delaktige. Vi deltek og årleg på akuttveke tilknytta gynekologisk avdeling. I forkant av akuttvekene er det felles undervisning. Slik får du jamleg trening innan dei ulike teama for å trene kommunikasjon, teamarbeid, samt evne til å gjere dine arbeidsoppgåver på ein god måte i pressa situasjonar.  

Alle dei fire anestesiseksjonane i Helse Møre og Romsdal er små og oversiktelege. I det daglege arbeidet er det nært samarbeid mellom LIS og overlegar. Dette fører til låg terskel for gjennomgang og supervisjon i det konkrete pasientarbeidet. Dette gjeld både for vurderingar og gjennomføring av prosedyrar innan alle delar av faget. 
I Ålesund har vi har 7 overlegar med rettleiarutdanning. Ein blir tildelt rettleiar ved oppstart. Det blir sett av tid kvar månad til rettleiingssamtalar, og det er låg terskel for å finne tid til ad hoc-rettleiing utanom dei planlagde samtalane.
For å sikre fagleg utvikling av spesialister er det laga ei plan for etterutdanning. Dette skal sikre at spesialistane våre kjem seg på kurs og kongresser, hospiterer og held undervisningar. ​

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.​


LIS vil i utdanningsløpet ha 6 månaders teneste ved indremedisinsk avdeling for å få fylt nødvendige læringsmål i indremedisin. Avtalen føreligg mellom dei to avdelingane, og LIS skal i løpet av perioden få gjort dei læringsmåla som det stillast krav til i kompetanseportalen. I utdanningsløpet vil ein ha hospitering på barneavdelinga 1-2 veker, då primært på nyfødd intensiv. I tillegg er det ein dag hospitering i AMK og ambulansetenesta.

Som LIS ved avdelinga får du gjennomført ei mengde læringsmål i kompetanseportalen. Dei læringsmåla ein må ta i sentralteneste er primært knytt til thoraxanestesi, nevrokirurgisk anestesi og dei aller minste borna. Ei utfyllande liste over læringsmål kan ein få ved å kontakte utdanningsansvarleg overlege ved avdelinga.  ​

Avdeling for anestesiologi HMR har fleire legar med PhD og forskingskompetanse. I relasjon til ny spesialistetsstruktur for LIS-utdanning er det naturleg at vi stimulerer til meir forskingsarbeid ved dei ulike seksjonane. 

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål vert integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla vert dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseforetaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseforetaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med nærmaste leiar. I tillegg vert fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på. 
Det er ønskeleg at felles kompetansemål vert fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den einskilde skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetjing av ny LIS har arbeidsgjevar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne vert utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved indremedisinsk avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkjørt planlegging av utdanninga til LIS-legane i avdelinga er det naudsynt å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet består av LIS og overlegar. Utdanningsutvalet har jamnlege møter, og tek opp tema tilknytta utdanning ved avdelinga. Utdanningsansvarlig overlege har ansvar for å sette opp plan for internundervisning, der både LIS og overlegar deltek i internundervisninga på lik linje. I samarbeid med seksjonsleiar ser utdanningsansvarlig overlege til at ulike LIS-legar blir prioritert til dei rotasjonar eller aktivitetsområde dei har behov for etter tur. Det settast opp halvårlige rotasjonsplanar basert på behov og framdrift. 
Utdanningsutvalet har den overordna oversikta over utdanningsløpet, og bidreg til at LIS får permisjon til å gjennomføre dei nasjonale/anbefalte kursa etter naturleg progresjon.​

Det er eigen YLF-tillitsvald på avdelings-, sjukehus- og føretaksnivå.

Seksjonsleiar og anestesilege Kristen Rasmussen: Kristen.Rasmussen@helse-mr.no
Undervisningsansvarleg overlege Tora Stahl Rød: Tora.Stahl.Rod2@helse-mr.no​



  

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.

Sist oppdatert 02.05.2023