Spesialisering i augesjukdommar ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

LIS i aksjon på poliklinikken i Molde.
Avdelinga har behandlingstilbod innan augesjukdommar til pasientar i Romsdal og på Nordmøre og dekker med det eit folketal på omkring 120 000. Vi har ei seng på nevrologisk sengepost SNR. Denne nyttast i all hovudsak til enkelte akuttilfelle, ved overflytting frå andre sjukehus og etter nokre kirurgiske inngrep.
Aktiviteten vår går for det meste i polikliniske konsultasjonar og dagkirurgiske inngrep. Kirurgisk behandling skjer i operasjonssal som er integrert i operasjonsavdelinga ved sjukehuset, samt på ei skiftestove ved poliklinikken. Kirurgiske inngrep som blir utført er kataraktoperasjonar, diverse okuloplastiske inngrep, tårevegskirurgi, pterygiumkirurgi, EDTA-behandling av kornea, glaukomkirurgi (trabekulektomi, Preserflo og MIGS-implantat), samt eviscerasjonar og strabismekirurgi inkludert botoxbehandling.
Størstedelen av den daglege aktiviteten vår er likevel ved poliklinikken. Alle legar har godt utstyrte kontor der dei polikliniske undersøkingane skjer. Vi driv eit screening-fundusfotoprogram for diabetikarar der du som LIS blir involvert. I tillegg er det stort omfang med intravitreal injeksjonsbehandling. Vi har ein ortoptist og to optikarar som og bidreg i opplæring av våre LIS.
Det er i utgangspunktet 6 overlegestillingar og 4 LIS-stillingar hos oss, men denne fordelinga kan variere. Frå hausten av 2025 er det planlagt 5-delt forvakt med døgnvakt på kvardagar og i helg. Det er alltid spesialist som bakvakt. Vaktordninga baserer seg i stor grad på heimevakt ettermiddag/kveld/natt og helg.
Vi har elles ein stor og moderne utstyrspark hos oss for å kunne handtere dei fleste tilstandar og problemstillingar. Det kan mellom anna nemnast autorefraktor/keratometri, optisk biometer/topograf, moderne OCT-maskinar, ultralyd B-scan, funduskamera for vidvinkelfotografering av augebotn, fluorescein- og ICG-angiografi, YAG-laser, argonlaser samt separate laserar for glaukombehandling fotodynamisk behandling.
Du får gjennomført det meste av spesialistutdanning ved sjukehuset. Det er nokre læringsmål vi ikkje tilbyr opplæring i ved våre sjukehus og dette må du derfor til universitetssjukehus for å gjere. Dette gjeld mellom anna tema knytt til kirurgisk behandling av netthinnesjukdommar og kornea, men også spredte læringsmål innan andre deler av oftalmologien. Spesialiseringsperioden ved universitetssjukehus er på 18 månader og vi har avtale om samarbeid med St. Olavs hospital i Trondheim for slik teneste.
Når du startar som LIS hos oss vil du dei første par vekene følge eit eige opplæringsprogram. Dette inneber mellom anna innføring i vaktarbeid, å følge overlege i poliklinikken, innføring i ulike software som blir brukt i tolking av bilde, opplæring i bruk av spaltlampe, å observere augeinjeksjonar og kataraktkirurgi. Etter opplæringsprogrammet vil du starte å få eigne pasientar til vurdering og undersøking. Du blir tidleg introdusert for vaktarbeid. Alt vil skje under tett oppfølging og supervisjon av overlege.
Vi har internundervisning to dagar i veka. Måndagar er det videoundervisning med St. Olav og dei andre augeavdelingane i regionen. Onsdagar har vi tradisjonell internundervisning sjølve. Begge dagar varer undervisninga i ca 45 minutt. Tema for internundervisninga følger nasjonalt anbefalte kurs.
På sjukehuset er det fellesundervisning ein halvtime kvar fredag der avdelingane ved sjukehuset vekslar på å ha innlegg.
Kurs
Som LIS hos oss får du permisjon med lønn for å delta på nasjonalt anbefalte kurs nødvendig for å fullføre spesialiteten din. Desse kursa har tradisjonelt vert gjennomført halvårleg. Deltaking på andre møter, kurs og symposier er og ønskeleg, så fremt det er mogleg å tilpasse dette inn i avdelinga si øvrige drift. Vi er jamleg representert på regionale, nasjonale, nordiske og internasjonale møte.
Hovudarena for ferdighetstrening for LIS er i den daglege aktiviteten ved poliklinikken, inkludert vaktarbeid. Vi har variert og god pasienttilgang som gir deg gode høve til å få erfaring med både dei vanlegaste og meir sjeldne augesjukdommane. Ved supervisjon og eigeninnsats kan du trene opp ferdigheter når det gjeld ulike variantar av undersøkelsesteknikk, ulike former for laserbehandling, intravitreal injeksjonsbehandling samt småkirurgiske inngrep som blir gjort i poliklinikken. Etter kvart får du og opplæring i dagkirurgiske inngrep, i hovudsak innan okuloplastikk. Avhengig av interesse, kapasitet og behov, kan ytterlegare kirurgisk opplæring bli aktuelt mot slutten av spesialiseringa. Du vil elles få tilgang til å assistere på inngrep i tråd med aktuelle læringsmål. I enkelttilfelle innvilgar vi og deltaking på kurs med innslag av wet lab.
Vi er eit lite og oversiktleg miljø der vi alle arbeider tett i lag. Den beste læringa skjer i aktivt pasientarbeid. Du har sjølvstendig arbeid i poliklinikken, men med kort veg til spesialistar for hjelp og supervisjon heile dagen. Opplæring i operative prosedyrar skjer under tett supervisjon av spesialist.
Rettleing
Du får tildelt rettleiar når du startar. Det settast av tid til rettleiing kvar månad i tenesteplanen.
Fagleg fordjupning
Det er sett av 4 timar til fagleg fordjuping kvar veke. Vi har eit eige avdelingsbibliotek som kan nyttast. Du har og tilgang til ei rekke større internasjonale oftalmologiske tidsskrift som elektronisk abonnement via Helsebiblioteket. Her har du og tilgang til UpToDate. Sjukehuset har lisens til Clinical Key der du har tilgang til fleire titals e-bøker innanfor oftalmologi.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er LIS si oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Vi deltek for tida i ein multisenterstudie i regi av St. Olav. Vi oppfordrar til forsking og vil legge til rette for det.
Føretaket har ei eiga forskingsavdeling som er tverrgåande i foretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt.
For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er tilsette i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Utdanningsutvalet skal bestå av ein overlege og ein LIS. Utdanningsutvalet planlegg internundervisninga. Både i løpet av den daglege drifta, på avdelingsmøter og møter i legegruppa blir LIS-utdanning diskutert for å sikre kontinuerlig kvalitetsforbetring. LIS kan når som helst kome med innspel til kvalitetsforbetring.
Det er eigen YLF-tillitsvalt for våre LIS. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og føretaksnivå.
For spørsmål om spesialistutdanninga ta kontakt med:
- Marina Elnes, seksjonsleiar, augeseksjonen SNR
- Bjørn Tore Janbu, utdanningsansvarleg overlege, augeseksjonen SNR
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.