Spesialisering i endokrinologi ved Ålesund sjukehus

Vår avdeling er ei fullseksjonert avdeling med alle dei indremedisinske spesialitetane som eigne seksjonar og den største indremedisinske avdelinga i fylket. Med dette dekker vi eit nedslagsfelt på om lag 100 000, men for nokre fagfelt dekker større område frå 150 000 til 260 000 innbyggjarar. Avdelinga fungerer som ei felles avdeling med felles morgonmøter, internundervisning og vaktordning. Det er ingen seksjonerte vakter hos oss og alle deltek i den generelle indremedisinske vaktordninga, men vi har ei beredskapsordning for dei ulike spesialitetane. Ved avdelinga er vi 25 overlegar og 15 LIS-legar. LIS-legane går i 14-delt vaktordning med vaktdøgnet delt i to. Vi startar no opp med ei ordning der det er to LIS-legar på vakt delar av ettermiddag og tidleg kveld. Dagvakta på kvardagar varer dermed til kl 20, medan nattevakt på kvardagar startar kl 15. I helgene er det dagvakt til kl 19 og nattevakta startar kl 18. Overlegane har 20-delt bakvaktsordning med heimevakt. Primærsjiktet utgjerast av LIS1-legar.

Ved endokrinologisk seksjon er vi to spesialister og har og ei LIS-stilling. Vi deler sengepost med seksjon for fordøyelsessjukdommar og totalt disponerer vi åtte senger. Det er relativt få av våre pasientar som er innlagt, så den største delen av vår aktivitet er knytt til poliklinikk. Ved poliklinikken er det tilsett tre diabetessjukepleiarar og vi har og tilgang på ernæringsfysiolog som i ei prosentstilling er knytt til vår poliklinikk. Vi jobbar aktivt for å ha ein veldreve og godt fungerande poliklinikk der vi kan gi eit godt tilbod om oppfølging for våre kronikarar, og samstundes vurdere nyhenviste pasientar frå fastlegar og andre sjukehusspesialistar. Det er ei brei pasientgruppe og variert praksis vi møter dagleg. Vi ser alle pasientkategoriar innan endokrinologien frå diabetes type 1 og 2 til meir sjeldne tilstander. Vi samarbeider med endokrinkirurg ved sjukehuset og med endokrinolog og endokrinkirurg ved St. Olavs Hospital i Trondheim etter behov. Thyroidea- og parathyroideatilstandar som treng kirurgisk behandling, får dette i Ålesund. For hypofysetumores og binyrekirurgi bruker vi St. Olavs Hospital.

Laboratoriet på sjukehuset analyserer det meste av dei analysene vi treng. Ved spesialanalyser bruker vi St. Olavs Hospital eller Hormonlaboratoriet ved Aker sjukehus. Ved sjukehuset er det og ein veldreven isotoplab der vi får utført det vi treng av denne typen undersøkingar.

Som LIS-lege hos oss vil du ha hovudtyngda av arbeidstida di på poliklinikken, men og ein del teneste på sengeposten. Avdelinga dekker alle læringsmål i del 2 felles indremedisin og du vil rotere mellom ulike seksjoner for å få oppfylt dette.

I og med at vårt fagfelt handlar mykje om poliklinikk tilstreber vi at LIS-lege i spesialisering i endokrinologi skal få så mykje av dette som mogleg. Du startar tidleg med sjølvstendige konsultasjonar, men der minst ein av spesialistane er tilstade for supervisjon. Vi har eit godt arbeidsmiljø og terskelen for å konferere eller be om hjelp er lav. Vi har eit svært godt samarbeid med diabetessjukepleiarane våre og diskuterer pasientar med dei både ad hoc og ved planlagde vekentlege møter. Du blir raskt inkludert i dette arbeidet.

Når du startar vil du, avhengig av tidlegare erfaring, vanlegvis den første tida bruke mest tid på del 2 felles indremedisin før du blir meir fast tilknytt vår seksjon for å fordjupe deg i det endokrinologiske faget. Du får oppgåver på sengepost og poliklinikk tilpassa din kompetanse med supervisjon og opplæring frå spesialist. Vår poliklinikk og avdeling er stor nok til at du her vil møte dei fleste endokrinologiske problemstillingane og få eit visst innblikk i desse. På denne måten vil dei fleste temaer innan fagfeltet bli møtt i praksis og det er da naturleg at desse temaene også blir tatt opp teoretisk i tilknytning til dette. Du får stor mengdetrening for de vanligste tilstandene som diabetes type 1 og 2 og thyroideasjukdom. Utanom nødvendig tid for å oppfylle læringsmål i del 2 felles indremedisin, vil du trenge om lag 18 månader ved vår seksjon for å kunne få oppfylt dei læringsmåla vi tilbyr.

Det vil vere behov for spesialiseringsperiode på 18 månader ved universitetssjukehus for å delta på hypofysemøter, binyre- og hypofysekirurgi, samt for å få stort nok voulm og erfaring i dei litt meir sjeldne tilstandane. Vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo universitetssjukehus for slik teneste.

Når du startar hos oss får du eit tilpassa introduksjonsprogram avhengig av tilegare erfaring. Dette inkluderer innføring i daglege rutinar, prosedyrer, vaktarbeid og IT-opplæring. Du får tildelt rettleiar og vil og få ein «mentor» i LIS-gruppa som du kan kontakte etter behov for alle moglege praktiske spørsmål du måtte ha den første tida. Du får følgevakter etter eigen plan før du startar i sjølvstendige vakter. Du får og nødvendig opplæring ved vår seksjon og blir ønskt godt velkomen!

Vi har internundervisning på morgenmøte 30 minutt 4 dagar i veka. Her vekslar dei ulike seksjonane på å halde innlegg og dette følger ein 3-årsplan for dei store indremedisinske temaene. Både LIS-legar og overlegar held innlegg her. Kvar veke har vi internundervisning på seksjonen og vi tilstreber å delta på nettundervisning frå Aker. Det er også ein time felles internundervisning for heile sjukehuset kvar månad.

Du får fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten.

Det er lite av våre tilstandar som er egna for simulering utanom akuttilstandar. Den beste treninga får du dagleg arbeid med pasientar. Vi har årleg praktisk oppdatering i AHLR og MTU (medisinsk-teknisk utstyr) for alle legar. I tillegg trener vi regelmessig på slagteam og MET-team. Det er tilgang til modell for spinalpunksjon og koloskopi for opplæring.

Vi er ein liten seksjon og arbeider svært tett ilag. Det gir god tilgang på supervisjon i alt arbeidet du som LIS-lege gjer og det er lav terskel for å be om hjelp. Dette gjer og at det er god tilgang på både formelle og uformelle møter og samtaler med spesialist og rettleiar.

Vi vil samarbeide om inneliggande pasienter med felles previsitt og visitt. Ved poliklinikken er det moglegheit for diskusjon både før, under og etter konsultasjonen.

Du får tildelt rettleiar ved oppstart. Første måndag i månaden er det avsett tid til rettleiing, og samtaler utover dette avtalast mellom deg og rettleiar. Det er lav terskel for samtaler etter behov.

Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​

Vi har ikkje eiga forsking ved vår seksjon, men har ved fleire høve delteke i forsking i regi av legemiddelfirma. Det gir eit godt innblikk i korleis forsking drivast. Andre legar ved Medisinsk avdeling tilknytt andre seksjonar har PhD.

Foretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i foretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. 

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet ved avdelinga utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS-legar får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga. Vi har og eit eige utdanningsutval ved seksjonen som utgjerast av alle legane ved seksjonen. Det er overlege som leiar dette utvalet. Her diskuterast kvalitetsforbetring av utdaninga.

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Seksjonsoverlege Marthe Landsverk Rensvik, tlf 70 10 50 00


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.





Sist oppdatert 23.05.2023