Offentlig utdanningsplan

Felles kompetansemål for LIS 2/3

​Felles kompetansemål er ei samling kompetansemål som er felles for alle spesialiseringsretningar og legar. Desse handlar om ulike tema som går utover det reint medisinsk faglege og skal utfylle legerolla. Aktuelle tema innan felles kompetansemål er etikk, kommunikasjon, samhandling, forskingsforståing og kunnskapshandtering, kvalitet og pasientsikkerheit, lovverk, pasient- og brukarmedverking, systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Totalt er det 74 slike læringsmål som skal gjennomførast i løpet av spesialiseringa, 24 av desse i tida som LIS2/3. For dei som har bytta frå gammal til ny ordning og gjennomført turnusteneste før 1.september 2017 er det ikkje krav om å gjennomføre dei 50 læringsmåla som er i del 1.

For dei fleste av desse læringsmåla vil læringa skje gjennom både klinisk teneste, kurs og sjølvstudium.

Kurs i administrasjon og leiing er eit nasjonalt anbefalt kurs for fleira av læringsmåla og det er lagt opp til at du skal gjennomføre dette. I foretaket har vi tilbod om kurs over to dagar i rettleiing og supervisjon, og dette kurset skal alle LIS2/3 vere med på. Kurset er og lagt til rette for at overlegar kan delta og vi gjennomfører kurset med brei deltaking ved alle fire sjukehusa. For læringsmål i forskingsforståing og kunnskapshandtering er det lagt opp til kurs i forbetringsarbeid og meir djuptgåande om forsking, samt skilnaden på desse. Det er forskingsavdelinga i foretaket som har det faglege ansvaret for dette. I forleninga av kurset er det lagt opp til at alle LIS2/3 skal gjennomføre eit forbetringsprosjekt i eige fag der ein arbeider. Dette kan gjerne gjerast i samarbeid med andre LIS-leger og/eller andre yrkesgrupper. I fagretningar der det er aktuelt vert det forventa at du som LIS2/3 deltek i organisert pasient-, brukar- og pårørandreopplæring.

Sist oppdatert 23.05.2023