Spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdommar ved Ålesund sjukehus

Avdeling for Fødselshjelp og kvinnesjukdommar er ei mellomstor avdeling i nasjonal samanheng. Dette inneber at vi har dei fleste gynekologiske og obstetriske problemstillingar i vår avdeling. Dette gir lærerike og interessante arbeidsdagar. Vi har likevel ikkje like stor mengde pasientar som ved avdelingar ved universitetssjukehus og du må derfor teneste ved universitetssjukehus for å få mengdetrening på fødeavdeling og operasjoner ved gynekologisk avdeling og gynekologisk kreftavdeling. Vi har eit godt arbeidsmiljø og vi jobbar tett saman, både vi legane oss imellom og saman med anna sjukehuspersonell.
i 2021 hadde vi 14 570​ pasientkontakter. Vi disponerer 28 senger og hadde 554 døgnpasientar, 534 dagbehandlingar og 10 470 polikliniske konsultasjonar. Vi har omtrent 1 300 fødslar per år.
 
Vi har 10 spesialistar og 8 LIS. Ein av overlegane og ein LIS3 har PhD og har nyleg fått tildelt såkornmidlar til eit nytt prosjekt. 

Føde-/barselavdelinga og sengepost med gynekologiske pasienter ligg i kvar si etasje. Gynekologiske senger deler sengepost med nokre andre kirurgiske spesialitetar. All poliklinisk aktivitet er samla i eit felles poliklinikkareal for vår avdeling. Sjukehuset har også ein felles sentraloperasjon og ei eiga dagkirurgisk eining.
Arbeidskvardagen består av visittgang ved gynekologisk sengeavdeling og føde/barsel. Det er daglig høg poliklinisk aktivitet med både gynekologisk og obstetrisk poliklinikk. Vi har pasientar ved kreftavdelinga og kreftpoliklinikken vi ser til, og det er også mykje operativ aktivitet både ved operasjonsavdelinga og dagkirurgisk eining. Vi har planlagte operasjoner 3-4 dagar i veka ved sentraloperasjon og ein dag i veka ved dagkirurgisk eining.
Legar i spesialisering går 8-delt vakt. Vaktdøgnet er delt i to på kvardagane, medan det i helga er døgnvakt. Nattevakt på kvardagar starter kl 15.00 og var til 09.00 neste morgon. Fredagar startar nattevakta kl 14.30. I helgene varer vaktdøgnet frå 08.30 den eine dagen til 09.00 neste dag. Det er ingen heile friveker, men fleire enkeltståande fridager i arbeidsplanen stort sett lagt mot helg slik at ein får nokre langhelger fri.
LIS har tilstadevakt, og grunna nasjonal føring «Eit trygt fødetilbod» har også bakvakt tilstadevakt for å vere i rask nærleik i dei tilfella kompetansen til vakthavande LIS-lege ikkje strekker til. Vaktarbeid hos oss inkluderar øyeblikkeleg hjelp-poliklinikk, interne tilsyn frå andre avdelingar, fødslar der det er nødvendig med lege tilstade, induksjonar og øyeblikkelig hjelp-operasjonar som til dømes ustabile ekstrauterine graviditetar, keisarsnitt og store postpartum blødningar.
 
Som LIS hos oss vil du rotere kvar 6. månad mellom fødeavdelinga og gynekologisk avdeling, det er 4 LIS på kvar avdeling. Vi tilstreber å følge ein aktivitetsplan for LIS slik at arbeidsoppgåvene blir så likt fordelt mellom LIS-legane som mogleg. Det er ønskeleg med ein operasjonsdag kvar veke når LIS-legane er i rotasjon til gynekologisk avdeling.

Ved vår avdeling kan du få oppfylt dei fleste av læringsmåla innan spesialiteten. Vi reknar med du vil trenge minimum tre år teneste for dette. Du treng og eit år med kirurgisk teneste. I vårt foretak kan dette gjerast i Volda, Ålesund eller Molde. I tillegg til dette treng du 18 månader spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt læringsmål vi ikkje tilbyr i vårt foretak. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus.

Det kan også vere aktuelt med hospitering ved nokre av dei andre fødeavdelingane i foretaket for å få meir mengdetrening på nokre prosedyrer som det blir kø for hos oss, til dømes rutineultralyd i svangerskap saman med jordmor. Vi samarbeider og med andre avdelingar på sjukehuset for nokre av læringsmål, til dømes kirurgisk avdeling, medisinsk avdeling og røntgenavdelinga.

Du blir raskt sett inn i klinisk arbeid, det er slik vi lærer best! Det er alltid tilgjengelige kollegaer, både meir erfarne LIS og spesialistar for opplæring og rådgiving.
Når du startar som LIS hos oss er første rotasjon 6 månader til fødeavdelinga. Dei første to vekene går du saman med jordmor på føden for å få vere med på normale fødslar. Du skal vere med på 10 normale fødslar fordi vi meiner det er viktig at du har vore tilstade på normale fødselsforløp, i tillegg til at dette er ei god anledning til å bli kjent med jordmødrene våre. Du skal gå følgevakt saman med meir erfaren LIS fram til kl 20 ein gong pr veke i 8 veker, deretter blir dei fleste vurdert som klare for ordinære sjølvstendige vakter.  

Det er laga ei felles undervisningsliste for heile foretaket der tema som skal vere gjennomgått i løpet av ei 2-års periode framgår. Lista er revidert for også å vere tilpassa læringsmåla for ny spesialitetsstruktur.
Vi har internundervisning 45 minutt to gongar pr veke, mandag på slutten av dagen og onsdag morgon. I tillegg er det sett av tid til gjennomgang av «vekas artikkel» ein gong i veka. I tillegg til obligatorisk temaliste er det og rom for valfrie tema ut ifrå artiklar, kurs, kongressar, nye prosedyrer o.l.. Det er fellesundervisning for heile sjukehuset ein time kvar månad. Internundervisning er ikkje planlagt til veker med ferieavvikling.
Nokre internundervisningar i året blir arrangert i samarbeid med barneavdelinga, anestesiavdelinga og patologisk avdeling.
Du må fullføre fleire nasjonale kurs for å bli ferdig spesialist. Du får permisjon med løn for å gjennomføre desse kursa, minimum eit kurs i året. 

På fødeavdelinga har vi bekkenfantom og fødselsfantom slik at du sjølv, og saman med andre, kan øve på operative vaginale forløysningar. Kvar vår og haust er det to «akuttdagar» der alle legar skal delta ein gong kvart år. Her går vi igjennom og simulerer akutte obstetriske hendingar saman med jordmødre og barnepleiarar. Ein gong årleg skal alle legane på avdelinga delta på undervisning om nyføddresucitering saman med neonatallegane.  Det er regelmessig undervisning om elektronisk fosterovervåking med jordmødre som ein del av internundervisninga.
 
Vi har D-boks for praktisk trening i laparoskopi og vi følger blant anna øvelsane til FUGO sitt prosjekt «Boksen går» der alle LIS skal ha gjennomført «Winners project» og «Boksen går» del 1 før ein blir sett opp som hovedoperatør ved laparoskopisk kirurgi. 

Som LIS arbeider du alltid tett med spesialist og meir erfarne LIS-legar. Det er alltid meir erfaren kollega å spørre om råd og hjelp der du er. På dagtid er det alltid ein spesialist som er bakvakt på føden som kan kontaktast ved obstetriske problemstillingar og ein erfaren LIS /spesialist på gynekologisk avdeling som kan kontaktast ved gynekologiske problemstillingar. På vakttid har spesialist også tilstadevakt og kontaktast med lav terskel for råd og supervisjon. 

Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss, og rettleiar er alltid spesialist. Det er rettleiing ein gong pr månad og du og rettleiar avtalar fortløpande tidspunkt for samtalar. Dette meldast inn til den som fører arbeidslister slik at dette kjem på timeplanen. Det er anbefalt aktiv bruk av Kompetanseportalen under samtale med rettleiar for å få god oversikt over progresjon i utdanninga.
Du og rettleiar skal saman oppdatere den individuelle utdanningsplanen din ein gong pr halvår slik at denne til ei kvar tid er mest mogleg oppdatert.
 
Fordjupningstid tilsvarande 4 timer pr veke framgår av arbeidsplanen. Fleire dagar leggast etter kvarandre slik at du i løpet av 8 veker som vaktturnusen går over, har du ei veke med 4 fordjupningsdagar og ein klinisk dag. Fordjupningsdagane er vanlege arbeidsdagar og du må vere tilstade på sjukehuset desse dagane. 

Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​

Ein av overlegane og ein LIS3 har PhD og har nyleg fått tildelt såkornmidlar til eit nytt prosjekt. ​

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet består av ein overlege og ein LIS. Overlegen er utdanningsansvarleg overlege og leiar utdanningsutvalet. Utdanningsutvalet organiserer internundervisning og arbeider med kvalitetsforbetring av utdanninga.

Avdelinga har eigen YLF-tillitsvalt som saman med tillitsvalt for overlegane og seksjonsleiar ivaretar interessene til dei tilsette. Det er i tillegg eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med: 

Christina Duwe, konst. seksjonsleder (leger)
Ane Steinsdotter Ihler, utdanningsansvarlig overlege

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 02.05.2023