Offentleg utdanningsplan

Spesialisering i fordøyelsessjukdommar i Helse Møre og Romsdal

Alle 4 sjukehusa i foretaket har spesialistar i fordøyelsesjukdommar med ansvar på sengepostar, poliklinik og gastrolabar. Det blir gjort vanlege endoskopiske prosedyrer (både elektive og akutte) ved alle gastrolabane, samla nesten 10 000 prosedyrer i året. Tilbodet i foretaket er bredt og vi håndterer dei aller fleste problemstillingar i faget. Samarbeidet på tvers av avdelingane er godt, både når det gjeld pasientbehandling og fagleg utvikling.

Fordøyelsessystemet

Dei meir spesialiserte prosedyren er delvis funksjonsfordelt. ERCP gjerast i Kristiansund, Molde og Ålesund. Kapselendoskopi blir gjort i Molde og Ålesund. Manometri gjerast i Kristiansund og Ålesund, medan enteroskopi berre gjerast i Kristainsund. Det gastroenterologiske miljøet i Ålesund og har høg kompetanse på ultralyd, som ved dei andre sjukehusa blir gjort av radiologar.

Det er LIS-utdanning ved alle våre fire sjukehus, men då det er ulikt kva tilbod som er ved dei ulike sjukehusa, er det og variasjon i kva læringsmål du kan få oppfylt ved dei ulike sjukehusa. I tillegg til utdanninga vi tilbyr i helseforetaket er det nødvendig med teneste ved universitetssjukehus i 18 månader for å få oppfylt læringsmål vi ikkje tilbyr. Vi har og avtale med Rikshospitalet om 3 veker hospitering for læringsmål knytt til transplantasjon.

Spesialisering i fordøyelsessjukdommar ved Volda sjukehus

Spesialisering i fordøyelsessjukdommar ved Ålesund sjukehus

Spesialisering i fordøyelsessjukdommar ved Molde sjukehus

Spesialisering i fordøyelsessjukdommar ved Kristiansund sjukehus

Sist oppdatert 23.05.2023