Spesialisering i generell indremedisin ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR)
Medisinsk avdeling er seksjonert, med eigen seksjon for alle indremedisinske fagområde, inkludert eigen seksjon for generell indremedisin. Avdelinga består av tre medisinske sengepostar, i tillegg til korttidsposten Akutt24. Samla har vi 70 senger, i tillegg til eit varierande tal pasientar på intensiv. Kvart år tek vi imot ca 4800 innleggingar, gir ca 7500 dagbehandlingar og har omtrent 27.000 polikliniske konsultasjonar, inkludert stort poliklinisk tilbod ved SNR Kristiansund. Blant dei 30 overlegane våre er alle indremedisinske spesialitetar representerte, inkludert akutt- og mottaksmedisin. Vi har 25 LIS3 og 19 LIS1 hos oss. Vi tek imot legestudentar frå NTNU til praksisteneste kvart halvår. Vi har ei felles indremedisinsk vaktordning. LIS3 er delt i eit juniorsjikt og eit seniorsjikt, der juniorsjiktet har todelt døgnvakt, og seniorsjiktet går nattevakter. LIS i juniorsjikt er teamleiar i stansteam og medical emergency team (MET). Ein har høve til å delta i slagteam, men ansvaret for diagnostikk og behandling av hjerneslag ligg hos nevrologen. LIS i seniorsjikt har kompetanse i ultralyd på vakt, og har som hovudregel minst to års erfaring. I seniorsjiktet har ein mindre vakt, og meir dagarbeid, som legg godt til rette for fagspesialisering. Overlegane går døgnvakter, med aktiv vakt til kl 21 på kvardagar og til kl 16 på helg. Det er eiga beredskapsordning for gastroenterologer og kardiologar.
Det er fokus på godt arbeidsmiljø ved avdelinga, og vi er eit sosialt kollegium både i og utanfor arbeidstid. Det blir jobba kontinuerleg med å skape ein god arbeidskvardag med moglegheit for fleksible løysingar for kvar enkelt.
Seksjon for generell indremedisin har eigen sengepost saman med nyremedisin og endokrinologi, med til saman sju sengeplassar. Vi har to overlegar og tre LIS ved seksjonen. Overlege i generell indremedisin vil veksle mellom visitt på intensiv og denne sengeposten. Typiske pasientar ved seksjonen vil vere pasientar som blir greidde ut for nyresjukdom, akutt nyresvikt, rhabdomyolyse, malign hypertensjon, spørsmål om sekundær hypertensjon, endokrinologiske utgreiingspasientar, ketoacidose som ikkje treng intensiv, diabetespasientar i behov av innlegging, thyroideasykdom, Addison, pasientar med elektrolyttforstyrringar som hovudproblem, pasientar med anafylaksi som ikkje treng intensiv. Nefrolog og endokrinolog vil alltid vere lett tilgjengeleg, og tettare involvert etter behov. Seksjonen har eiga poliklinisk verksemd, der ein greier ut og behandlar pasientar med generell indremedisinsk problemstilling. Seksjonen driftar også penicillinpoliklinikken, der ein greier ut pasientar for penicillinallergi.
Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa den felles indremedisinske delen (del to) av spesialiseringa. LIS roterer mellom seksjonar to gonger i året, og saman med kurs i dei ulike fagområda dekker tenesta alle dei felles indremedisinske læringsmåla (FIM) bortsett frå dei som omhandlar nevrologi. Vi har avtale om hospitering på nevrologisk avdeling for å dekke desse, og dessutan at ein i vaktsamanheng skal kunne delta i slagteamet. LIS3 med hovudspesialitet indremedisin vil vere i rotasjon lenger ved dei ulike seksjonane, spesielt ved intensivavdelinga. Ein vil ha meir poliklinikk og delta i vurderingar av tilvisingar til medisinsk avdeling. Ved normal progresjon tek det 30 månader å oppfylle felles indremedisinske læringsmål, og 30 månader til å oppfylle dei meir omfattande indremedisinske læringsmåla for spesialiteten generell indremedisin. Alle læringsmål kan oppfyllast ved SNR.
Nye LIS3 får eit introduksjonsprogram der ein får tid til å sette seg inn i prosedyrar, gjere seg kjend på sjukehuset, gjennomføre e-læringskurs, få delt ut Puls-kort og nøkkelkort. Vi bruker journalsystemet Helseplattformen, og det er viktig å lære seg dette om ein ikkje har kjennskap til det frå før. Du får utlevert ein Iphone som fungerer som arbeidstelefon. Informasjon om postarbeid, vaktarbeid og annan praktisk informasjon er samanfatta i eit velkomsthefte. Alle får ein annan LIS3 som fadder, og ein overlege som rettleier. Alle får fast kontorplass og eiga posthylle. Første arbeidsdag blir du møtt av opplæringsansvarleg overlege, og får ei omvising på sjukehuset. Dei første to vekene skal ein gå gjennom eit kort, praktisk kurs med lungelege om NIV, og med kardiolog om orienterande ultralyd. Dei første to vekene går ein følgjevakter.
Det blir gjennomført regelmessig MET-simulering og kurs i AHLR. Kvart halvår har vi prosedyreveke, med fokus på prosedyrar som er relevante for indremedisinarar. Det inkluderer drenasje av pleura og peritoneum, venøse og arterielle punksjonar, orienterande ultralyd av hjarte, lunger, aorta, djupe vener og urinvegar, oppfølging av pleura- og thoraxdren inkludert Thopaz, oppfølging av NIV og Hi-Flow, spinalpunksjon, med meir. Vi har eit strukturert opplæringsprogram i orienterande ultralyd som blir kalla Molde-puls, der ein (som første sjukehus i Noreg) blir sertifisert i ultralyd for indremedisinarar.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er LIS si oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
I Helse Møre og Romsdal er det stor forskingsaktivitet, og det er til ei kvar tid mange legar som er i Phd-løp. Det går også føre seg fleire forskingsprosjekt i regionen vår, og det blir arrangert ein årleg Regional forskingskonferanse. Dei siste åra har vi hatt mange publiserte artiklar med forfattarar frå sjukehus i HMR, og det er eit varierande tal disputasar kvart år. Dei ulike seksjonane deltek i varierande grad i regionale, nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt. Det er også mogleg å designe og gjennomføre eigne studiar. Mange i Phd-løp er knytt til forskingsmiljø ved universitetssjukehusa. Ved SNR har vi eiga forskingsavdeling. Fleire av legane ved medisinsk avdeling er i Phd-løp.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Utdanningsutvalet har det overordna ansvaret for LIS-utdanninga ved avdelinga. Utvalet består av medisinsk leiar, utdanningsansvarleg overlege (UAO), opplæringsansvarleg overlege (ansvar for introduksjonstida til nye LIS) og LIS med ansvar for å planlegge internundervisning.
Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og føretaksnivå. Samarbeidet med dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.
Medisinsk leiar: Ida Birkhaug
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.